mandag 11. februar 2019

Morsdag 2019

 
I går la eg ikkje opp til noko stor feiring.  Mi eiga mor feira vi laurdag.  Elles trudde eg løytnanten skulle kome heim neste helg.  Eldstemann et ofte med oss i helgene i samband med ein fotballkamp.  Plutseleg kom yngstemann på tunet.  Eg fekk tatt opp nokre ekstra kyllinglår.  Til dessert vart det fruktsalat med yoghurtkrem og rabarbrakeke med krem.

Elles må eg takke for blomster, sjokolade, gåvekort og helsingar!

No har eg tatt meg på tak og lagt inn bøkene eg har lese i år.  Det skjer ofte at eg står og sker på bloggen min når eg er på biblioteket.  Så slepp eg å låne bøker eg har lese før...

Sparket bak var fine bilde av ei genser eg strikka til jul.  Det kjem som blogginnlegg i morgon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...