søndag 6. januar 2019

Turgruppetreff

 Vi er fire damer som har gått rundt vatnet tysdagane i fleire år.  I går inviterte eg til det vi kallar årsmøte.  Det betyr berre at mennene får vere med.
 Eg registrerer at folk kastar ut jula stadig tidlegare.  Kanskje det skuldast plastjuletrea som vert sette opp til advent?  Eg bestemte meg for at vi skulle ha jul i huset i går. De vil derfor ikkje få sjå ein fin løpar eg fekk til jul...  I går mangla eg berre ein ting til bordet; telys i gull. På Nille låg all julepynt til -70%, og eg var heldig å finne gulllys med batteri.
 Kaffibordet fekk verte i raudt og kvitt.
I dag skal jula plukkast vekk!

4 kommentarer:

  1. Du er flink å lage til! Er spent på menyen?

    SvarSlett
  2. Det var kveldsmat med ostar, spekemat og dadlar i bacon.
    Kaker, lefser, hermetiske plommer, bringebær og krydderkokte bær. Gjestene hadde med seg søtmat.

    SvarSlett
  3. Eg lika den faste kvelden i veka.
    Då skal det litt til å avlyse...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...