torsdag 10. januar 2019

Reparasjon av kle

 Denne boka tok eg med meg frå biblioteket etter nyttår.  Det kjem kanskje ein dag vi ikkje berre kan slenge kle i konteinarar og håpe andre vil slite dei ut?
 Eg kan hugse at då vi budde på Melle seint på 60-talet, snudde farmor kragane på pappa sine skjorter slik at dei kunne brukast vidare.
I boka finn ein mange døme på reparasjonar som byte av glidelås og stopping.  Sengetøyet over som vert hekla til ein puff synest eg å dra kjensel på?

Min spådom om framtida er at det vil bli "in" både å kaste mindre mat og kle. 

Time will tell.

4 kommentarer:

  1. På 1970 talet snudde eg faktisk kragen på eit par av yndlingsskjortene til Ottar.
    Men det gidd eg ikkje lenger ;)
    Men eg har kjøpt meg ny symaskin for pengar eg fekk til 70 årsdagen så litt sying trur eg det skal bli. Berre eg får klare auger etter kvart...hehe.

    SvarSlett
  2. Eg vurderer og å kjøpe meg ny symaskin … Har fått litt råd, men er usikker på kva prisklasse eg skal velje.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg kjøpte hos Laila Tekstil og Interiør. Prøvde først ei fantastisk maskin, men dyr. Eg spurte etter ei for bruk til dei enkle operasjonar som eg kjem til å bruke. Då fekk eg prøve den som var på tilbod i desember (kanskje enno ?) til ein tredjedel av prisen på den første. Eg må sjølvsagt øve litt for den er veldig ulik mi gamle Husqvarna frå 1971....

      Slett
  3. Trur nok eg kjem til å gjere som du. Ein må vere realistisk når det gjeld bruken.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...