onsdag 2. januar 2019

Julejakke?

 Eg ønska meg to strikkebøker til jul - og fekk begge.
I førjulstida på jobb sakna eg ei raud, litt sid jakke med lommer til nøklar.  Når vi oppheld oss i aulaen, kan det lett bli litt kjølig med berre kjole.  Jakka eg bruker er utan lomme, så då vert nøklane lett eit problem.

Eg fann ut eg ville begynne på neste års julejakke.  Det er ikkje sikkert motivasjonen dukkar opp i oktober.  Det kan vere greitt å gjere ting på ein ny måte. Eg har strikka raglan ned til der eg og skal auke for ein svak V-hals.  Når eg har strikka ferdig garnnøstet, kjem eg til å strikke ermane ferdige, før eg strikkar bolen.

2 kommentarer:

  1. Godt nytt år !
    Du er lur som ligg i forkant, godt alt som er unnagjort i god tid.

    SvarSlett
  2. Det er ikkje alltid eg strikkar ting eg "treng", men her kjenner eg eit behov;-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...