I dag har vi hatt fotoøkt i hagen. Eg hadde så lyst å ta bilde av genserane eg har strikka til jentene i vår og sommar.
Først ute er Mikagenseren frå Bystrikk som eg strikka i vår til Birte. Eg løyvde ganske mykje garn frå Saragenseren, så eg fekk brukt det i tillegg til tynn alpakka. Eigaren har brukt genseren mykje.
I boka er genseren strikka ovanfrå og ned. Så då måtte eg gjere litt om på oppskrifta. Det har hendt meir enn ein gong at eg synest genserar vert for vide i halsen. Det kan ein lett gjere om på dersom ein strikkar rette vegen. I staden for å notere på ark og i hefter bruker eg no strikkedagboka eg fekk til jul. Eg trur eg vil forstå mi eiga oppskrift om eg skulle finne på å strikke ein genser til ein gong i framtida ...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar