Denne romanen lånte eg og før Italiaferien. Eg var redd for å mangle lesestoff ... Det var noko kjent med tittelen, så eg var redd eg hadde lese han før. Men det har eg nok ikkje gjort. Mot slutten kjende eg att nokre scener. Eg har heilt sikkert sett filmatiseringa av romanen frå 2001.
Største spenninga i romanen er om seriemordaren greier å ta livet av dei ho har bestemt seg for å myrde. Dei komande ofra prøver å ta henne først.
Eg har tidlegare hevda at Håkan Nesser skreiv betre etter kvart som han vert eldre. Der er eg framleis samd med meg sjølv.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar