mandag 5. desember 2016

Gamal vane vond å vende?

 Då eg skulle kjøpe mjølk til helga, såg eg ulike julepynta kartongar.  Det er sjeldan eg kjøper noko anna enn Tine mjølk.  Bøe ein la konkurrenten få ein sjanse?  Sjølv drikk eg ikkje mjølk, så eg utfordra dei to ungdomane som var her i helga til å vere med på ein blindtest.  Dei fekk ulike glas med ulikr typar mjølk for at dei ikkje skulle kunne samarbeide.

Begge konkluderte med det same: Tine smaka friskast og best!
Om ein ser på baksida av kartongen, ser ein at næringsinnhaldet er ulikt.  Det gjeld både protein, karbohydrat og feitt. 

Kva for kartong som har finaste juledekor, er vel ei smaksak det og?

2 kommentarer:

  1. Hm, sei du det.
    Eg trudde eigentleg at kumjølk er kumjølk, men det er feil altså...
    Eg veit at svigerforeldra mine fekk fleire gongar pris i glas og ramme for god kvalitet på mjølka, der ligg kanskje noko av forklaringa ?

    SvarSlett
  2. Ja, mjølk er nok ikkje berre mjøl. For og stell har vel noko å seie?
    Det gjeld i alle fall i stor grad egg!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...