lørdag 6. juni 2015

Gratulerer Olaug 18 år!

I dag fyller Olaug 18 år.  Feira gjorde ho i går med rundt 20 gjester.  Eg fekk hjelpe til med å lage til før eg "flytta" bort på jobb.  No har eg eit lite forsprang på sommarryddinga der. Det har vorte ein tradisjon å ta bilde av henne og rhododendronen.  Her etter er det vel berre han som veks.

Det vert litt mimring når det er gebursdag. Olaug vart fødd om kvelden klokka åtte.  Far min passa gutane.  Minstemann gret då han fekk høyre at han hadde fått ei syster. Då han kom på besøk på sjukehuset og fekk halde henne, uttalte han: "Ho liknar no litt på ein bror".  Det var starten på eit langt vennskap.
Ein kan lure på korleis det er å vekse opp med tre storebrødre.  Det er vel heller sjeldan i våre dagar.  Eg trur ein vert tøff, men ikkje nødvendigvis "gutete" som vi seier her.

I pakken frå oss låg det ein nøkkel - og i garasjen ein sykkel!

4 kommentarer:

  1. Gratulere med dagen !
    Rart at me har fylgt kvarandre på blogg så lenge at eg hugsar
    mange av bursdagane hennar :)

    SvarSlett
  2. Takk for det!
    Det var ho og eg som begynte å blogge, hugsar eg.
    Eg referer ofte til dykk som eg veit les bloggen, som bloggvenninner. Det er berre dei som vil som les bloggen. Det er det eg liker med den. På facebook trengjer ein seg meir på andre, føler eg.

    SvarSlett
  3. Gratulerer med vaksa fin jente!

    SvarSlett
  4. Gratulere med overstått!

    I morgon vert vår yngste 17år, hjelp kor tida går..

    Ha fin ny veke :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...