torsdag 11. juni 2015

Fint ferdig

I dag har eg hatt oppe ti elevar i norsk munnleg. Det er mykje arbeid på førehand, og det krev full konsentrasjon heile dagen.  Det er vel lov å dette ned i godstolen etterpå ...

No har det endeleg slutta å regne her, men sterk vind gjer det utriveleg å vere ute.  Det var litt mørkt då eg prøvde meg på hagefotografering.  Eg får ta det att. I morgon er det full fres med fem timar på skulekjøkenet.  Så er det berre neste veke med avslutningsaktivitetar, rydding og vasking.

Eg kjenner eg gler meg til ferie og varme sommardagar!

4 kommentarer:

  1. I går fekk eg ein bunke med rabarbra,og fikk lyst å lage det jordbær/rabarbra syltetøyet som du la ut på bloggen din.Kjekt å prøve noke nytt,så takk for at du delar med oss.Syltetøyet vart vellukka,freista til å lage andre sortar etter kvart som bæra modnar.Små porsjonar kan alle prøve seg på:)

    SvarSlett
    Svar
    1. No har eg tatt alle rabarbrastilkane med otsprotene blad på. Så kan eg hauste litt om sommaren og om eg vil. No såg eg ein freistande pai i VG.

      Slett
  2. Vel overstått eksamenstid. Det er ei travel tid for læraren i desse dagar :)

    SvarSlett
    Svar
    1. ja, no merkar ein at ein snart går inn for landing ... Så får ein gle seg til ein god ferie!

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...