fredag 28. november 2014

Svart dag?


I går sat eg og sjekka Facebook medan eg såg på TV.  Begge stader dukka det opp svart skjerm med kvite bokstavar.  Det er Black Friday i morgon!  Sjølv assossierer eg det med IRA og Bloody Friday.  Men nei, dette er nok ein amerikansk kjøpefest!  Som blogglesarane veit, har eg stritta imot både Valentine og Halloween.  Ikkje fordi eg ikkje ønskjer romantikk og festar, men fordi dei som ivrar mest for feiringane, er dei som vil selje meir. Og er det noko vi gjer nok i Noreg om dagen, så er det å shoppe.

I morgon er det dessutan "kjøpefri dag".  Ein kjem fort i eit dilemma: Kva er ein mest for eller imot, Black Friday eller handlefri dag? Det er ikkje lett å halde seg unna butikkane no når ein vil kome i gang med gåvekjøp. Så i dag gjorde eg som eg plar på fredagsettermiddagane, tok meg ein handletur i bygda. 

Bildet over er frå eit blad eg kjøpte i går.  Det er kanskje nokre i slekta som kjenner att den gamle kakeboksen?

8 kommentarer:

  1. Det beste er å handle det ein har planlagt og ikkje bry seg med alle desse
    hinta om det eine og det andre.
    Ein kan sjølvsagt la seg freiste av og til, men desse amerikanske dagane du nemner seier eg eit stort neitakk til.
    Takk for koseleg kommentar om barnestrikket mitt.
    Du kan gle deg til du får barnebarn, det er ikkje oppskrytt i det heile tatt !
    Dei gir oss utruleg mykje glede.

    SvarSlett
  2. Har fått med meg at noen butikker hadde langåpent og
    kalte det black friday uten at jeg helt forstod hvorfor det het det.
    Men nå fikk jeg vite det også. Her i vårt distrikt var det ingen butikker,
    tror jeg, som hadde slike tilbud. Men jeg har vært å¨handlet, vanlig helgehandel.
    Ha ei herlig helg :)

    SvarSlett
  3. Eg opna mailboksen min, og der var det fylt opp av mailar om Black friday-tilbod både her og der. Eg blir fort sliten av shopping, og netthandel passar meg svært godt. Varene blir leverte på nærbutikken, så handlar eg litt mat der i fred og ro, utan særleg med kø.

    SvarSlett
  4. Deg kjem nok til å handle både fredag og laurdag slik eg plar...
    Eg prøver å handle mest i bygda slik at vi kan behalde butikkane her. Netthandel er freistande, og no leverer mange utan at ein må betale porto.
    I Norge er det sal så ofte at ingen treng å slåst om varene slik dei visstnok gjer over there.

    SvarSlett
  5. Og eg har ikkje vore ute for ei dør, enda eg hadde tenkt å handle i dag. Men når det er fiskeri på gang må eg innrette meg etter det.

    SvarSlett
  6. Det er kvalmande med alt dette styret, får lyst å logge meg av all reklamen både på facebook og på tv2. Ein blir ikkje glade av det. Og gårsdagens BF tok kaka!

    SvarSlett
  7. Boksen på bildet er så søt. Vi har ein slik på hytta, han er frå barndomsheimen. Han var med på barndomens søndagsutflukter med bil. Gode minne!

    SvarSlett
    Svar
    1. Mamma hadde ein sånn frå femtitalet. Mormor brukte å fylle den, om eg hugsar rett.

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...