fredag 7. november 2014

Nytt prosjekt

Då eg strikka på tjukke pinnar, måtte eg ta meg ei veke pause.  Høgre skuldera mi toler ikkje all verda.  Så no har eg tatt fram tynne pinnar og gitt meg i kast med mønsterstrikk.  Når eg strikkar mønster, kastar eg med venstre hand.  Det har eg alltid gjort.  dermed vert høgrehanda meir avslappa.

Eigentleg ville eg begynt på eit omtrent monteringsfritt plagg.  No har eg gjort det stikk motsette!  Her skal det klippast opp og leggast opp masker både framme, nede og på skuldrene. Finull er eit garn der plagga berre vert finare med bruk, synest eg. 

3 kommentarer:

  1. Den såg veldig fin ut. Du må vere tolmodig. Finull er eit nydelig garn.

    God helg!

    SvarSlett
  2. Oj, nydeleg jakke som sikkert blir fin til deg!!

    SvarSlett
  3. Eg har nok arbeid ei stund, men så satsar eg på å ha eit tidlaust plagg som vert mykje brukt!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...