onsdag 19. november 2014

Fryseskåp

I går sat eg i godstolen og kvilte meg då alt plutseleg var svart.  Huset vårt mangla straum medan naboane hadde.  Mannen vart kommandert ned i sikringsskåpet.  Der hadde jordfeilbrytaren slått seg av. Hovudmistanken gjekk til varmepumpa.  Men den var det ikkje.  Ikkje var det datamaskina eller fjernsynet heller.  Då stilte eg meg opp ved sikringsskåpet medan mannen drog ut kontakter. Det viste seg fort å vere den gamle fysaren frå slutten av 80-talet ein gong som var syndaren.

Er det berre eg som vert glad når ting sluttar å virke?  Eg har lenge hatt lyst på eit fryseskåp, men i tillegg til to frysarar har det vore litt overdrive!  I føremiddag stakk eg innom butikken og bestilte meg eit.  Eg valde det største - heldigvis.  Far min åtvara på førehand om at der er mindre plass, og det stemte sjølv om eg trur literkapasiteten er den same.
No har eg rydda og vaska og fått nesten alt i skåp.  Unntaket er nokre kilo plommer som no står på kok.  Plommesylte går unna her i huset.

I skåpet er det no god oversikt.  Blogglesarane lurer kanskje på kva dei ser på bildet!  Ein frys isbitar oppe, så vrir ein rundt.  Då skal dei ramle ned i skuffa under. 

6 kommentarer:

  1. Gratulerer med fryseskåp. Eg synest det er veldig kjekt med skåp til kaker, brød etc.Det er lettare å halde orden og system i eit skåp enn i ein boks.Det er mi erfaring. Ingen ting hamnar på botnen og blir gløymt, slik det kan skje i ein boks.

    SvarSlett
  2. Det er det siste som er den store fordelen. No er der eit godt system i skåpet som eg skal halde på!

    SvarSlett
  3. Gratulere med fryseskap. Me vurderte det då frysaren heime gjekk kruken, men
    det vart ny frysar. På hytta har me fryseskap, det er oversiktleg og greit sånn, men
    eg synest ikkje det er plass til like mykje som i frysar.... kanskje berre inbilning.

    SvarSlett
  4. Der er dårlegare plass! Men eg satsar på at betre oversikt gjer at eg frys ned mindre!f Frysaren bør ikkje vere full den dagen ein kjøper skåp - slik min var. Takka vere eit nett med isposar av sportstype (gjenbruk) og eit nett plommer som vart sylta, gjekk det bra likevel.

    SvarSlett
  5. Ja det hender jeg blir glad når noe ryker.
    Har to gamle frysere i kjelleren. Den ene er fra 83
    Så det er ikke sikkert den varer så mye lenger.
    Har også tenkt på fryseskap.Får se hva det blir den dagen
    en må ha inn noe nytt.
    Flott med isbitfrying på døra. Da har en alltid isbiter klar når
    en trenger det. Ha ei riktig god helg :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...