fredag 21. november 2014

Førjulstid og julestri

 Det er ikkje mange leksjonane att på skulekjøkenet no når det nærmar seg jul.  Dagar vert brukte til tentamen.  Så denne veka har vi allereie begynt med julebaksten.  To og to elevar samarbeider om å lage risgraut og berlinerkransar. Ein liten porsjon vert med heim.

Eg håper heimane set pris på desse små porsjonane med bakst som elevane har laga!

Då borna gjekk i barnehagen baka dei og laga gåver som dei pakka fint inn.  Eg tenkte alltid på kva innsats som låg bak dette frå dei vaksne si side, og eg sette stor pris på at borna fekk gjere førjulsaktivitetar både i barnehage og i barneskulen.  Om eg var flink å formidle dette til dei vaksne, er ei anna sak.

Tida framover er travel, men kjekk.  Så får ein sjå kor mykje ein bakar heime ...
Eigentleg burde ein styre unna sosiale medium i førjulstida.  Ein kan lett få inntrykk av at alle gjer alt.  I går kom det ein artikkel om ei åttebarnsmor som laga pakkekalender til alle åtte. Det må ho sjølvsagt få gjere.  Men er det nødvendig? Treng norske born 24 gåver før jul?  Sjølv laga eg slike kalenderar nokre år.  Då fekk dei kvar fjerde dag.  Eigentleg burde ein lære borna å gi, ikkje berre å få.  Så min kommentar til artikkelen vart: Saml ungane og snakk om dei som svelt i Afrika og kor mykje mat ein får for kalenderpakkepengane der!

4 kommentarer:

  1. Ja det er mye bedre å lage kalendere der ungene er
    med å gir gaver til andre. Er jo mange som trenger
    hjelp for å kunne gi ungene sine gaver i Norgen i
    tillegg til alle de i andre land som virkelig trenger
    vår hjelp for å overleve.
    Jeg var nok ikke flonk nok til det med egne unger,
    men vi hadde flere ganger ektivitetskalender i dtedet
    for pakkekalender. De fikk lov til å åpne hver sin dag
    og i helgene fikk de gjerne litt godteri elle en annen
    liten ting. Vet noen skoler og barnehager oppfordrer
    ungene til å ta med en liten ting som blir samlet inn
    å gitt til en eller annen organisasjon som driver med
    hjelpearbeid. Er jo et flott tiltak.
    Ha ei herlig helg :)

    SvarSlett
  2. Kjekt at du satte pris på det barnehagen la ned av arbeid :-)

    Ang.Adventskalender brukte eg å ha Skattekartkalender. Dei fekk berre noko lite.
    Faktisk betre å tenke på å gi enn å få!

    Tenk berre 1mnd til Jul! Tida fyk!

    God helg :-)

    SvarSlett
  3. Helt enig med deg ang. kalender. Det er selvfølgelig ikke nødvendig, men skjønner det er kjekt for barna. Hva med noen dager å pakke inn lapper med felles aktiviteter vi skulle gjøre. Det gjorde jeg i sin tid til mine barn. Ofte ting vi skulle gjøre uansett, men som de ikke visste om. I dag skal vi bake pepperkaker, gå på kino, ut og samle kongler og kvister til julepynt osv.

    SvarSlett
  4. Eg er sjølvsagt ikkje ute etter å ta gleda for folk! Og tid til aktivitetar saman er vel mangelvare i mange heimar. Ei tid var førjulstida fylt av avslutningar og arrangement. Då vert det det ein gjer ilag. Det er ei tid for alt.
    Eg spurde ein gjeng 10-andeklassingar eit matfriminutt om dei hadde adventskalender. Nokre rista forsiktig på hovudet... I klassa tek dei med godteri til for 30 kroner.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...