onsdag 9. april 2014

Jakke i Finull og Plum

Medan eg strikka den førre jakka i Finull og Plum, såg eg på mønsteret til ei meir utfordrande jakke i same heftet. Her er det striper i ulike fargar og mønster. Jakka var rask å strikke på pinnar 5 1/2. Ermane er strikka med raglanfelling, så det einaste eg måtte gjere med monteringa var å plukke opp maskar til kant - og å sy til kanten. Elles så følgde eg eit råd frå ei som har strikka same jakka, eg festa trådane etter kvart.  Spesielt sølvtråden hadde lett for å rakne.

Frøkna stilte som modell. Jakka er til meg sjølv, men det spørs om eg får gøyme den vekk til hausten.

3 kommentarer:

  1. Lekker jakke på ei fin jente !
    Eg er så overvelda over alt det fine du strikkar.

    SvarSlett
  2. Fin jakke på fin modell :-)
    Du er dyktig!!

    SvarSlett
  3. Lekker jakke. Kan sikkert brukast på hustrige kveldar om sommaren også.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...