fredag 21. september 2012

Knutekål

Det har dukka opp ei ny grønsak i butikken.  I opptaket av Frukost-TV i dag såg eg at Finn Schøll brukte grønsaka i ein dekorasjon.  Eg må innrømme at eg aldri har smakt knutekål før.  Bruksområda satsa eg på å finne på nett og i kokebøker. Før eg fekk sleppe til på datamaskina skar eg like godt av ein bit og smakte den rå.  Den var kjempegod!  Smaken er litt mindre særprega enn rabbe (kålrot) og nepe.  Konsistensen var sprø og god - ei skikkeleg knaskegrønsak, vil eg seie. Knutekål er sikkert godt raspa saman med gulrot og eple til dømes.

C-vitamininnhaldet er høgt 62 mg pr. 100 g.  Til samanlikning inneheld appelsinar 51 mg pr. 100 g.  Kjelde: Matvaretabellen.

Og kanskje det beste av alt, prisen; 8,90 pr stk på Prix.

4 kommentarer:

  1. Takk for tipset. Har ikke smakt knutekål før.
    Så det må prøves. Ha en god kveld :)

    SvarSlett
  2. Du HAR smakt knutekål før, vi dyrka det i hagen her på Vallabøen for mange år sidan.

    SvarSlett
  3. Det kan eg ikkje hugse, berre at vi dyrka neper ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...