søndag 2. september 2012

Byvandring i Ålesund

 I dag kjem det som heiter bilderas i bloggverda.
 Som eg har sagt før, held eg vener utanfor bloggen.  Men når vener spanderer byvandring som ein del av jubileet sitt, ja, då er det freistande å legge ut bilde frå denne opplevinga.
 Byvandringa starta ved Skateflukaia der snøggbåten frå Hareid legg til.  Vanlegvis er det den vegen vi reiser, men i går vart det nattferje.
Som kjent brann mest heile Ålesund ned i 1904.  I følgje guiden stod 50 av 850 hus att.  Alle trebygningane i sentrum er frå før brannen.
 Arkitektane til alle husa var norske, men dei hadde studert i utlandet.
 Jugendstilen er kjent for sine ulike vindauge i ulike etasjar.
 Tårna er også eit typisk trekk.
 No har husa fine farger.  Men malinga den tida var dårleg.
 Så det vart sagt på spøk at Ålesund var så stygg i 1940 at tyskarane trudde byen var bomba frå før.  Bygningane var grå med "sørgerender".
 Ålesunds vakraste pipe kan de skimte bak i bildet.
 Vakre utsmykkingar.

 Gågata.

 Kanskje denne fasaden er ein av dei finaste?
 Ålesunds smalaste hus.

 Guiden vår.  Eg har gått gjennom gatene i Ålesund saman med ein kollega som bruker å guide tyskarar, ein gong før. Då og lærte eg mykje.  Denne dama gjekk grundig til verks.  Guidar har gjerne nokre røvarhistorier som dei spritar opp med.
 Smijernsrekkverk er også typisk for jugendstilen.


 Benkar i gågata.
 Parkområdet ved parkeringsplassen.


 Eg synest det er utruleg at ein får henge opp reklame på jugendhus!  Det er skikkeleg skjemmande!
 Dette huset skal vere dekorert med 12 troll.
 Norske detaljar.
 Jugendstilsenteret.  Hit får vi ta oss ein tur ein gong ...
 Sildekona.




 Gata ut mot Fiskerimuseet. Der står trehus att.

Det var overskya opphaldsver og mildt under byvandringa.  Eg håper blogglesarane synest det er interessant å sjå bilde frå ein av Noregs vakraste byar.  Folk kjem frå heile verda for å sjå byen.  Vi som bur nær har og mykje å lære om byen og den nære historia.

12 kommentarer:

  1. Kjekt at du legg ut bilde av dei fine husa og det som kjenneteiknar Ålesund.
    Me hadde besøk av slektningar frå Canada i august og hadde ei times guiding i byen.
    Det smale huset er det syskenbarnet mitt som eig i dag..
    Det må nok fleire timar til for å sjå alt dokke har sett vil eg tru.

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi vandra berre frå Skateflukaia til trankokeriet, med ein del stopp på vegen. Litt meir enn ein time. Her er mykje fint å vise utlendingar rundt oss.

      Slett
  2. Ja her var det mange flotte hus.
    Kjempefint å sjå. Har bare vært en gang i Ålesund, og det var i min ungdom. Var nok ikke så veldig interessert i husene da.
    Er så mange flotte steder i Norge en har lyst til å besøke.
    ønsker deg ei herlig uke :)

    SvarSlett
  3. Var en snartripp innom Ålesund på en vestlandstur for noen år siden. Det jeg husker best er de herlige, ferske rekene vi kjøpte og spiste ved brygga. Jeg løftet nok ikke blikket høyt nok til å få øye på alt det vakre du viser her. Kanskje jeg må sette Ålesund på reiseønskelista mi igjen : )

    SvarSlett
  4. Eg kjenner meg att i det å ikkje løfte blikket ...

    SvarSlett
  5. Oppdaga mykje som ein ikkje ser til vanleg.. Når ein berre hastar for å rekke noko.. Kanskje eg skulle undt meg ei byvandring ein dag? Takk at du deler. :-)

    SvarSlett
  6. Flotte bilde, og kjekt for meg å få vere med på "vandringa" her eg sit.

    SvarSlett
  7. Flott innlegg, Solveig - og takk for laget. Du har fått med mykje av det guiden sa, forøvrig lærar ho og.

    Rundt bybrann-jubileet hadde alle vi som jobba i skulen eit opplegg med å finne dører i byen - og eit anna år; andre jugend-detaljar. Då lærte eg mykje om byen i lag med elevane mine.

    Jugendstilsenteret står på min plan og, det blir ofte at ein tenker på det - men så blir det ikkje ...

    Kari V.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg forstod ho var lærar, for ho titulerte forsamlinga 7A (trur det var A).
      Vi kom oss på Sunnmøre museum i sommar, så kanskje neste år? Den som fer først, får legge det ut på face!

      Slett
    2. Ei anna som er pålogga her, men ...
      ..Solveig

      Slett
  8. Synest forresten sjølv at det gir litt ekstra å kunne studere litt bilde i etterkant.

    SvarSlett
  9. Eg kjenner att mange av husa, men faktisk ser ein dei betre på bilde enn i verkligheita, for fotoapparatet tek inn meir på ein gong enn det auga gjer.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...