mandag 10. desember 2012

Jakta på ... - eller kva er det med korintane?

Eg har ei kjensle av at eg har eit slikt blogginnlegg kvart år.  Det er ei eller anna råvare eg ikkje får tak i. I år er det korintar!  På OBS! fekk eg tak i raudkål og heil anis, eit par varer det eg ikkje har funne på bygdebutikken tidlegare.  "Nei, det har vi ikke, og e vet egentli ikke koffor", fekk eg til svar på om kvar korintane var på OBS!  Elles er vareutvalet enormt.

Er det korintmangel i verda?  Eg må nok til Ulsteinvik ein av dei næraste dagane.  Har nokon kjøpt der?  Kiwi Ørsta er det einaste konkrete tipset eg har fått!

Vi overlever nok utan.  Det berre irriterer meg at fleire butikkar har tatt korintar ut av vareutvalet medan dei har ørten typar rosiner.

søndag 9. desember 2012

2. søndag i advent

Det har gått litt i sakte tempo med meg i helga.  Når ein ikkje orkar å handle, får ein finne mat i frysaren.  I dag steikte eg svineribbe med sprø svor.  Dei vil ha brun saus til her. Til dessert vart det semulepudding.  Egg, mjølk og semulegryn er slikt ein gjerne har i hus.

I kveldninga laga eg ein julemanndeig, slik at frøkna fekk kjevle ut og steike.  Det vert nok jul i år og.

Solveigs julebrød

 Grunnen til at eg laga meg ein surdeig, var at eg ville lage fruktbrød til jul.  Eg bakar etter prinsippet "man tager hvad man haver".  Derfor gir eg opp nokre alternativ.
 Ein startar med å halle 3 dl kokande vatn over ca 300 g tørka frukt, korn og nøtter.  Dette får kjøle seg ned medan ein lagar deigen.
ca 200 g surdeig
5 dl lunka vatn
1/4-1/2 pk gjær
1 ts salt
ca 1/2 dl sirup(lys/mørk)/maltekstrakt/honning
2 1/2 dl sammalen kveite, grov
ca 1 l kveitemjøl

Lat deigen gå ca 15 minutt i maskina før du har fruktblandinga i utan å kna for mykje.
Du må kanskje ha i litt ekstra mjøl saman med frukta.
Set deigen til heving eit par timar.
Form brøda.  Eg delte deigen i fire og la i tolitersformer.
Hev til dobbel storleik, ca 40 minutt.
Pensle gjerne med egg eller vatn/mjølk - det gløymde eg.
Steik brøda ved 180 grader ca ein time.

Eg synest desse brøda er nydelege til ost, gjerne Edamer laga i Ørsta ...

Eg ser at ein no kan få kjøpt tørka kveitesurdeig. Det datt ikkje ned i handlekorga mi sist eg handla, men det må vel prøvast?

lørdag 8. desember 2012

Frisk att!

Det hender eg tenkjer eg må legge ut eit lite blogginnlegg elles så trur blogglesarane at eg er sjuk.  I går måtte det ha skjedd frå godstolen.  Der sat eg frå eg kom heim til eg la meg relativt tidleg.  Dagen starta med at eg var usikker på om eg skulle gå på jobb.  Eg tenkte eg fekk gå, og så fekk eg gå heim om eg ikkje greidde det.  Mine siste krefter tok eg ut på å lage 140 lussekattar saman med elevane.  Så ringte eg etter skyss heim.

I natt har dei to yngste vore på nattcup, og studenten vart henta om morgonen - utan at eg har ensa det.

Og eg som skulle handle god mat til studenten kom, og kjøpe julegåver som skal sendast!  Vanlegvis får eg berre eit snev av sykjer.  Det har vore relativt stort fråver i elevflokken. Elevar som seier dei er kvalme, sender eg rett heim.  Fleire enn meg har hatt mageverk og kvalme.

Når ein er sjuk, har ein berre eitt ønske: Å bli frisk.  I dag greidde eg å drikke ein kopp kaffi litt ut på dagen, og etter det har eg erklært meg frisk.  Heldigvis. Men eg har halde meg heime og vaska og styrt litt.  Ein bør kanskje sette ned tempoet litt?

Då vil eg ønskje blogglesarane ei god helg!

torsdag 6. desember 2012

No har eg surdeig!

Det er dag 5 i prosessen og no har eg surdeig.  Eg skal ta vare på dei i eit glas i kjøleskåpet, står det i oppskrifta.

Det starta med tanken på julebakst.  For å vere heilt ærleg har eg verken lyst til å bake eller ete julekaker baka med store mengder smør og sukker. Når jula kjem, har eg meir lyst på gode dessertar.  Og ikkje minst er det godt med ekstra gode brød til godt pålegg.  Brød og korn si oppskrift på surdeig finn ein i "Nybakt til alle måltider" eller her.
 Dag 1 blandar ein 5 dl vatn, 30 grader 5 dl sammalen rug, fin. Dette får stå i romtemperatur.
 Dag 2 ser det slik ut i bakebollen.  Då blandar ein 5 dl romtemperert vatn med 500 g sammalen rug, fin med 150 g av denne deigen.  (kast resten)
 Dag 3 har det kome bobler i deigen.  No blandar ein 100g frå denne deigen (kast resten) med 5 dl kaldt vatn, 500 g sammalen rug fin og 1 ms havsalt.  Bollen får stå i romtemperatur.
Dag 4 blandar ein 5 dl kaldt vatn med 500 g sammalen rug, fin, 1 ms havsalt og 100g deig frå dag 3.

Kast resten?
Vi som heile barndomen åt opp maten vår fordi borna i Biafra svalt, kastar ikkje mat i utrengsmål!
Kastedeigen kan ein sjølvsagt bruke.  Eg hadde i ein halv pakke gjær, litt olje og litt sirup i tillegg til mjøl til høveleg deig.  Etter heving velta eg det ned i ei form og trykte brødet flatt.  Med deigskrapa skar eg brødet i ruter.

onsdag 5. desember 2012

Vest i Alfa

 Etter førre strikkeprosjekt med mykje monteringsarbeid, bestemte eg meg for å slå til med noko lettvint.
 Mønsteret fann eg i denne boka.
Sidan eg hadde både mønster og pinnar, vart dette ein rimeleg vest.  Eg betalte 259 kroner for garnet.

tirsdag 4. desember 2012

Ekte kneipp

I den nye bakeboka mi "Nybakt til alle måltider" er det ei oppskrift på kneippbrød som eg bestemte meg for å prøve.  Kneippbrødet ein får kjøpt i butikkane, liknar ikkje på det opprinnelege helsebrødet som de kan lese om her.

Eg var litt spent på om det let seg gjere å bake eitt 100% grovt brød.  Det gjorde det!  No vil eg ikkje påstå at smaken var så spennande.  Eg synest det passa godt til sursild og kryddersild.

Om nokon av blogglesarane får lyst til å bake kneipp, så fin de oppskrifta her.

mandag 3. desember 2012

Appelsindessert

Utgangspunktet for gårsdagens dessert var ein pakke sure appelsinar.  Så sure var dei, at dei hadde vorte liggande i kjøleskåpet eit par veker.  For å bli kvitt dei, skar eg appelsinane opp i halve skiver og strødde sukker og kanel på.  Enklare og raskare kan det vel knapt gjerast. Vi åt desserten med yoghurt til.

søndag 2. desember 2012

Bok 56: Svik

Dette er den tredje romanen med journalisten Kajsa Coren.  Eg har sjølvsagt lese dei andre to.

Ein tysk mann vert funnen drepen i ein båt på fjorden.  Etter kvart kjem det fram at dette drapet har samband med noko som skjedde under krigen.

Krimgåta er greitt oppbygd, synest eg.  Vi får og vite passeleg mykje om privatlivet til Kajsa.  Eg får assosiasjonar til Liza Marklund sine bøker, men Kajsa vert noko ordinær samanlikna med Annika. Det er nok meir truverdig.

Det at hendinga er lagt til Sunnmøre, er sjølvsagt artig.  Politiet kjem frå bygdene her omkring, og ein tek ferje til Hareid.

Språket i romanen er eit heller konservativt bokmål, noko eg meiner ikkje kler historia. Valet av opplesar gjer det heller ikkje betre. Ingen heiter Råbbert på Sunnmøre!  Elles legg ho ofte trykk på feil staving i setninga, meiner eg.

Likevel; kjem det fleire bøker, så kjem eg nok til å lese dei.

lørdag 1. desember 2012

1. desember

I dag vart det ein liten bytur på meg ni i kveldinga.  Eg stakk innom Prinsess og kjøpte meg ein ny "voksduk".   Den gamle juleduken er så mørk at han tek mykje av lyset i rommet.  Denne kan eg bruke både til lilla og raudt.

I dag fann eg fram lilla lys som eg har kjøpt på Nille for 10 kroner lyset og ein serviettpakke til 10 kroner på Coop.

Elles har eg gjort ei ny oppdaging i dag.  Ein ting er at berre ein butikk i bygda har korintar i sortimentet sitt, i dag var det sjølvsagt tomt, noko anna er at ungdomane ikkje veit kva det er!  Eg liker ikkje at det stadig kjem slike påminningar om at ein vert eldre.

God helg!

fredag 30. november 2012

Hjartebrød

 For ikkje så lenge sidan datt det ei ny brødbakebok ned i handlekorga mi (på ark.no - kokebøker til halv pris).  Vanlegvis bakar eg brød utan oppskrift.  Eg hat mål på væske, salt og gjær, og så puttar eg ulike mjølsortar i.  Innimellom kan det vere greitt å bake etter oppskrift.  Då vert det meir variasjon.
Oppskriftene i denne boka ligg på nett på brodogkorn.no.  Hjartebrødet  finn de oppskrift på her.  Alle brøda er merka med brødskala'n. Om ein liker dei på facebook, får ein gode baketips.
Deigen til brødet var god å jobbe med, sikkert mykje takka vere smøret som ein har i til slutt - utan å smelte.  Elles vil eg seie at brødet vart rikeleg stort.  Det kan godt hende at eg bakar det fleire gonger.  Det er fint med slike dekorative brød til brødmåltida i jula til dømes.

P.S.
Om noko lurer på kvifor eg skriv hjarte og ikkje hjerte som eg har gjort tidlegare, så skuldast det den nye nynorsknormalen.

torsdag 29. november 2012

Denne reklamen reagerer eg på!

Kven treng dette?  Målgruppa til Hello Kitty er vel unge jenter.  Eg håper ingen får personvekt i julegåve!  Dette er ein få-attpå-pakke som rett og slett provoserer meg!

onsdag 28. november 2012

Julebrød i brødbakemaskin

I dag fekk eg spørsmål om eg har oppskrift på julebrød, eller det som heiter julekake andre stader i landet, for brødbakemaskin. Eg fann ikkje oppskrifta i farta, men fann ut at det var eit godt høve til å bake brødet etter hovudet.  Dette er populær mat i jula!

Då brødet var nesten ferdig, gjekk lyset opp.  Eg kom på kvar eg hadde teke vare på oppskrifta.  Det einaste eg hadde gjort annleis, var at eg hadde brukt berre mjølk, ikkje vatn og mjølk.  Eg er og rausare med rosinene. Smøret mitt stod på benken og var mjukt.  Ein kan sjølvsagt smelte det, men det er ikkje nødvendig. Oppskrifta under er frå heftet med mine tips i kursiv.
2 dl mjølk
1 1/2 dl vatn (3 1/2 dl mjølk)
1 egg
6 ms smør (100g/1 dl)
6 ms sukker (1 dl)
10 dl kveitemjøl
1/2 ts salt
1 1/2 ts tørrgjær
(1 ts kardemomme)

2dl rosiner (1 pk)
(sukat)

Ha alle ingrediensane unntatt rosinene i bakebollen. Set maskina på søtt brød (program 5 på mi maskin).  Ha i rosinene når det pip.

Du kan også bruke oppskrifta på aniskrinler og lage anisbrød.  Det er berre fantasien som set grenser.  Det er lurt å halde seg til grunnoppskrifta og så variere ut i frå den.

tirsdag 27. november 2012

Måneskinstur

Det er framleis litt dagslys når ein går heim frå jobb i firetida.Månen verka ekstra stor i dag bak Sulafjellet. No skal eg gå den faste tysdagsturen saman med kollegaer og eks-kollegaer.  Vi har funne ut at det er ein god måte å halde kontakten på når folk får seg nye jobbar.  Eg trur det har god helseeffekt på fleire måtar.

mandag 26. november 2012

Jakke i Sandnes kashmir alpakka

 Det er eit par veker sidan eg tok i bruk jakka.  Eg har blitt svært glad i henne.  På skulekjøkenet heng eg henne frå meg, og elles er den god og varm.  Halvlange ermar passar godt til oss som liker å brette opp ermane!
Jakka er strikka på pinnar 5,5.  Sjølve strikkinga gjekk raskt. Ein strikkar fram og tilbake.  Likevel vert det ein del monteringsarbeid.  Neste prosjekt skal ha raglan- eller rundfelling. Garnet er dyrt og ikkje særleg drygt.  Med pinnar og knappar kom prosjektet opp i eit firesifra beløp.  Men så har ein også eit plagg med høg kvalitet - meiner no eg.


søndag 25. november 2012

Kva skal vi gjere om Hødd vinn?


Dette spørsmålet kom opp fredag.  Sjølv har eg ikkje tort å tenke tanken ...  Dette er stort!  Og noko må vi vel finne på!  For dei som er i Oslo, vart heimturen noko forseinka, men det var vel verdt det!

lørdag 24. november 2012

Vinnarlykke

Eg veit at nokre arrangement har vorte flytta vekk frå denne helga.  Med stor helgevandring til hovudstaden har ein vore redde for manglande oppslutning. Det såg ikkje ut til å ramme basaren i dag.  Åresalet gjekk unna.

I år var mange av gevinstane eg fekk med heim etande.  Elles vann eg serviettar til ein stor fest og ein fin, kvit handuk.  Så får ein håpe at pengane som kom inn, går til dei som treng omsorg og skulegang ein annan stad i verda.

Gratulerer!

I dag, ein månad før julaftan, kan vi gratulere Erlend med niårsdagen.  Bildet er frå førre helg då ha opna gåva frå oss.  Han vart glad for boka, men strålte opp då det datt ein lapp ut av den!

Erlend er minstemann i familien.  Ein skal ikkje sjå vekk i frå at det same skjer som med minstemann her i heimen.  No er han størst - ikkje berre større enn mor!

På facebook at feiringa er godt i gang.
Gratulerer!


fredag 23. november 2012

Bok 55: Den siste gode mann

Eg ser at denne romanen har fått høge terningkast.  For meg handlar det kanskje om at eg rett og slett ikkje liker sjangeren.

Les gjerne her, så kanskje de forstår kva eg meiner.

Romanen er absolutt underhaldande.  Eg kan sjølvsagt vere med på "eventyr", men føretrekker meir realistiske romanar.

torsdag 22. november 2012

Nye bøker

I dag stakk eg berre innom biblioteket i bygda for å levere eit par bøker.  Eg tok berre ein rask kik i hyllene, og der låg det fleire relativt nye bøker.  Så spørs det om eg skal lese Paganinikontrakten før Svik av Trude Teige?

onsdag 21. november 2012

Spagettigodbit


Av og til kjem ein litt skeivt ut på skulekjøkenet.  Det går ut dagar, og så er det greitt med tanke på innkjøp at ein lagar det same ei veke i strekk.  I dag vart ein slik ekstra dag.  Bi bakte aniskringler til kantina, ein elev fekk lage muffins og til middag vart det ein gammal skulekjøkenrett: Spagettigodbit. Retten passar godt som resterett.  Det er ikkje alltid så godt å vite kva ein skal bruke kokt pasta til. 

Retten fall i smak hos niandeklassingane.


Spagettigodbit

100 g pasta t.d. penne

1 ms olje
200 g kjøtdeig
1 middels stor løk
1 båt kvitløk
1 ms tomatpuré
½ ts salt
½ ms frisk eller ½ ts tørka oregano
1 dl vatn til å koke ut steikepanna med

1 dl mjølk
1 dl crème fraîche
75 g riven ost

  1. Set steikeomnen på 200 g og smør ei eldfast form.
  2. Kok spagetti etter oppskrift på pakken. Hell av vatnet og ha han i forma.
  3. Steik kjøtdeig og hakka løk i olje.
  4. Tilset kvitløk, tomatpuré, salt og krydder.
  5. Legg tomatsausen over spagettien. Kok ut steikepanna med 1 dl vatn og hell over.
  6. Bland saman mjølk, crème fraîche og ost og legg dette på toppen.
  7. Steik retten i ca 30 minutt.

Server med brød og salat.

tirsdag 20. november 2012

Gløymsk

Blogginnlegget i dag skulle vere om besteforeldrefesten.  Eg skulle ta bilde av kvite dukar, grøne, fint bretta, serviettar og lilla St. Paulia. Så gløymde eg å ta fram fotoapparat eller smarttelefon.  Sånn kan det gå.  Det er mykje som skal på plass ein slik dag.

Elles ser eg ikkje vekk i frå at det kjem bilde i avisa.

Blogglesarane får nøye seg med å sjå dei første sviblane i haust.  Ein fekk 2 (x3) for 49.

mandag 19. november 2012

Lysestake

Då eg fekk sjå denne lysestaken første gong, fall eg pladask!   

Eg har innsett at dei femarma lysestakane mine i messing er ute på dato.  Dei var rett nok gode å ha då Dagmar herja. No er ikkje eg glad i for mykje dingeldangel.  Eg liker reine linjer.

 Då eg fekk vite at lysestaken er designa av Andreas Engesvik, ein norsk designar som har slått gjennom i Iittala, fann eg ut at denne ville eg kjøpe meg sjølv.  Den finst med fire lys også, men den er ikkje så spesiell, synest eg.  Materialet er støypejern.
 Det er ikkje så lett å få lys i stakar til å bli beine, men blogglesarane får vel eit lite inntrykk.


søndag 18. november 2012

Shepherd's pie

 I går stakk eg innom Rema 1000 på veg heim frå Ørsta.  Ærendet var Friele kaffibønner, noko eg har oppdaga ein får kjøpt der.  Eg tok med meg eit gratis hefte med mat under 100-lappen.  Der såg er at shepherd's pie var kåra til den mest populære retten.
 Det passa godt å ta eit par pakkar kjøtdeig opp frå frysaren.  Eg hadde elles alle ingrediensane, berre ikkje parmesanost.  Eg let ikkje det stoppe meg, men brukte vanleg riven ost. Oppskrifta vart dobla, men eg tippar eg likevel kom under hundrelappen. Under finn de oppskrifta frå heftet.
 Potetstappe:
1 kg poteter

1 1/2 dl matfløyte (ev. H-mjølk)
2 ms smør
salt og pepar

3 ms riven parmesanost (til slutt)

Kok poteter utan salt.  Mos potetene og ha i fløyte og smør.

Her må eg berre skyte inn:  Eg bruker eg alltid meir mjølk enn i oppskriftene...


Fyll:
1 gulrot
1 løk
3 båtar kvitløk
2 ms olivenolje til steiking
400 g kjøtdeig
1 1/2 ms tomatpuré
2 1/2 dl grønsakbuljong (terning + vatn)
1 ms maisenna utrørt i 2 ms vatn
salt og pepar

Skjer gulrot, løk og kvitløk i terningar.
Steik grønsakene i olivenolje til dei er blanke.
Ha i kjøtdeig og steik til dein er brun.
Ha i tomatpuré og steik vidare i eitt minutt.
Ha i buljong og lat det koke 3-5 minutt.
Ha i jamning av maisenna og vatn.
Smak til med salt og pepar.

Legg fyllet i ei eldfast form. Eg brukte gryta.
Legg potetstappa over og dryss parmesanen på toppen.
Steik ved 200 grader ca 20 minutt til den er brun og fin på toppen.


Vurdering:
Ungdomane i familien likte retten svært godt, så eg forstår godt at dette er ein folkefavoritt!  Sjølv kunne eg tenkt meg mindre potetstappe, meir grønsaker og meir smak i form av andre grønsaker og krydder?  

lørdag 17. november 2012

Familiefest


 I dag har vi feira han som vert 9 og han som har vorte 76!
 Feiringa var heilt tradisjonell, slik vi liker det.  På menyen står julemiddag, i vårt tilfelle pinnekjøt.  Der inne er det Jakobsenmor, og så fekk eg smake Vigramør for første gong i mitt liv.
Niåringen har gledd seg til kransekaka eller smellbongbongane!
 Det gjeld å pakke opp ...
 ... og finne krona.  Så vert ein vitsekonge!


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...