Også i dag har eg kosa meg med å lage mat og dekke bord. Dei i familien som deltok i løp, var godt nøgde med eigne resultat. Sjølv gjekk eg meg berre ein liten tur.
På menyen i dag stod det thailandsk fiskegryte og tilslørte bondepiker, begge delar etter oppskrifter frå skulekjøkenet.
Ein blogglesar ville vite korleis det går med strikkeprosjektet. Det går heller sakte framover. I dag har eg strikka genseren saman på skuldrane og felt rett av. Eg skal ta opp masker til hals som i oppskrifta. Etterpå syr eg med maskin og klipper vekk det som vert til overs. Eg vel då å strikke dobbel hals for å få det pent. Brota til ermane har eg strikka tidlegare i veka. No skal eg strikke litt på kvar. Det vert nok til at eg strikkar noko einsfarga etter dette prosjektet ...
lørdag 19. oktober 2013
fredag 18. oktober 2013
18. oktober
I dag ventar vi over nattingsbesøk av svoger som har eit ærend i bygda. No har eg kyllinglår i omnen. Det er enkel mat. No skal eg berre lage salat, saus og koke ris.
Eg har ei kjensle av at det er siste blomsterbukett eg plukkar inn frå hagen i år?Då vil eg ønskje blogglesarane ei god helg!
torsdag 17. oktober 2013
Suvenirar frå Irland I
Blogglesarane hugsar kanskje at i sommar starta eg ein ny suvenirhandel, brødbakebøker. Særleg den svenske har eg brukt ein del. Det er kjekt å søke informasjon i andre land. Før grytebrøda kom til Noreg, hadde eg studert framgangsmåten på YouTube til dømes. Også knaefrie brød meiner eg kom frå Amerika.
Dette mjølet fann eg på Bunnpris i går. Det liknar kanskje litt på det utanlandske mjølet som vert brukt til mellom anna pizza og focaccia. I dag var eg fast bestemt på å bake ein pizza frå boka. Problemet var at eg ikkje hadde fått med meg at deigen skulle heve i 24 timar, berre med 2 g gjær.
Berre tipset med salvie på toppen tok eg med meg. Denne pizzaen får eg lage ein dag eg har planlagt betre.
Eitt tips har eg tatt med meg, hevemetoden. På skulekjøkenet har eg nokre flatare skåler. Vanlegvis bruker eg lok eller tallerk for å få mest muleg lufttett miljø. Spesielt for born kan det vere kjekt å følgje med på hevinga gjennom glas. Den store bollen kan ein og legge over eit rundt brød når det hevar.
Framhald vil nok følgje. Boka inneheld fleire ulike bakemetodar og mange oppskrifter.
Apropos YouTube: Sjekk bokmelding her.

onsdag 16. oktober 2013
Å kome til Irland
Det er travle tider om dagen med møte, flaskeinnsamling og vikartimar, berre for å nemne noko. Eg har derfor seinka ambisjonsnivået her på bloggen. I staden for ein stor presentasjon av turen, får det kome nokre drypp.
Det første som slår ein når ein kjem til Irland, er at alle skilt er på to språk. Det er ikkje så mange som har irsk som førstespråk, men alle må lære det, fekk vi fortalt.Då eg spurde elevane mine om dei ville sjå bilde og høyre om turen slike g gjorde då vi var i London, var det ein elev som meinte at det ikkje måtte vere så mange bilde av skilt. Eg synest skilt er lærerikt!
Hotellet vårt låg ved sida av den berømte parken St. Stephen's green. Den vart stengd kl. 18. Vi såg at der var strengt. Ein kar som hadde ølboksar i veska, måtte forlate parken sjølv om han hevda hardnakka at det var til seinare bruk.
I tillegg til at det ere ein vakker park, er der og mange kunstverk.
De ser sikkert kva dette kunstverket må heite?
Eg tok sjølvsagt bilde av tittelen også!
... som at det veks fuksiar høge som buskar.
tirsdag 15. oktober 2013
Bok 50: Sommeren vi kledde oss nakne
Før eg reiste til Dublin, oppdaga eg at eg var tom for lesestoff, og biblioteka var stengde. Då stakk eg innom skulen og tenkte eg kunne lese ei ungdomsbok. Det burde eg gjere meir av når eg er norsklærar.
Romanen er bygd opp av viktige tema som livet, døden og kjærleiken. Han inneheld og ei reise. Les gjerne ein kritikk her
Det fungerer greitt med to forteljarstemmer i lydbokutgåva. Sjølve opplesarjobben burde vore overleten til skodespelarar etter mitt syn, spesielt jentestemma.
Eg trur nok eg skal klare å lokke denne på elevar som etterlyser ein kjærleiksroman.

Bok 49: Den usynlige fiende
![]() |
Det viste seg at romanen var innlesen tidleg på 70-talet. Opplesinga var noko teatralsk etter dagens standard. I det heile var romanen noko 70-tals. Når hovedpersonen gøymer seg bak eit stativ med postkort og studerer andre menneske. Då ser ein for seg ein film med dårlege fargar.
Noko meir vil eg ikkje seie om boka. Eg ser at ho er innlesen på nytt.
mandag 14. oktober 2013
Togtur til Belfast

Vel framme i Belfast fann vi oss ein "hop-on-hop-off"-buss. Turen starta i fint solskinsver, men så kom det ei byge som gjorde at vi sette oss inn. Bilda vert derfor ikkje så fine som dei kunne ha vore.
På bussen var det ein kvinneleg guide som heldt ein dobbeltime i historie medan bussen køyrde rundt. Vi kunne ha hoppa av på Titanic-museet, men gjorde det ikkje. Tudors var til dømes innspelt i filstudioet de ser på bildet.
Samson og Goliath er kjende landemerke.
Vi fekk sleppe inn på parlamentsområdet etter ein sikkerheitssjekk.
Monument over Carson, motstandar av IRA.
På veg ut tok eg sjansen på å ta bilde av kontrollstasjonen.
Vi fekk sjå litt av byen ...... før bussen tok oss med til dei katolske og protestantiske områda som er skilde med ein 6 km lang mur.
Det er ikkje vanskeleg å forstå kva område ein er i. Her får bilde seie meir enn ord.
"We can't stand each other, but we love tourists." Guiden var flink å fortelje, sjølvsagt, og ho hadde små artige historier undervegs. Det nye sjukehuset hadde Prins Charles kalla stygt. På folkemunne vart det deretter kalla Camilla. Ikkje at ho hadde noko i mot Camilla. (Blogglesarane veit at det har ikkje eg heller.)
Turen til Belfast er vi svært glade for at vi tok. Det er ein ting å lese om noko, og noko heilt anna å få det fortalt der det skjer. Eg trur nok at eine kapittelet i tiandeklassepensumet i engelsk skal bli formidla litt meir interessant heretter.
søndag 13. oktober 2013
13. oktober
Det har gått slag i slag her etter at eg kom heim frå Dublin. I dag bestemte eg meg for å gå ein tur rundt vatnet midt på dag. Dagen er like fin som han ser ut på bildet. Vi har mildt, fint haustver med sol.
Eg skal kome attende med fleire blogginnlegg om turen etter kvart. I dag kom eg på ein eg kom i snakk med i Belfast. Der var det litt kjølig og vått den dagen. Men i Noreg er det snø, meinte han. Eg svarte at det er nok litt tidleg enno. Vi kan ha snø i oktober, men det er nok meir vanleg med snø i november eller desember, i alle fall i Ålesund. I utlandet plar eg seie at eg bur nær Ålesund. Dette ville han ikkje tru på. Han var overbevist om at vi hadde snø heime.

fredag 11. oktober 2013
Full Irish breakfast...
... with puddings.
Den irske frukosten skil seg litt frå den engelske. Det er puddingar i staden for bønner. Vi fekk og ei korg meg rista fint og grovt brød. Så kan ein forsyne seg frå bufféen. Også kjekt å få si eiga kaffekanne.

torsdag 10. oktober 2013
Gatelangs
Det er utruleg mykje å sjå og oppleve i Dublin. I dag føler eg at eg har fått litt taket på retningane, om de forstår kva eg meiner. Det er også ein fordel at det meste er i gangavstand.
Før ferien følte eg at eg hadde lite å blogge om. No har eg mykje stoff. Men det må bli frå ei datamaskin
onsdag 9. oktober 2013
tirsdag 8. oktober 2013
Utsikt frå øvste etasje på Guinness Storehouse
Ein av dei tre attraksjonane vi har vore på i dag. Framhald vil følge.
mandag 7. oktober 2013
søndag 6. oktober 2013
Bok 48: Hulemannen
Frå coveret:
Denne gangen kommer døden til Wistings eget nabolag. Bare tre hus bortenfor politimannens William Wistings hjem har en mann sittet død foran et flimrende TV-apparat i fire måneder. Ingenting tyder på at det ligger noe kriminelt bak dødsfallet. Viggo Hansen var et menneske som ikke ble sett, selv om han levde midt blant andre. Dødsfallet får ingen overskrifter i avisene, men noe ved saken vekker nysgjerrigheten hos Wistings journalistdatter Line. Hun vil lage et nyskapende portrett av et helt ukjent menneske. Samtidig som Line setter i gang sine undersøkelser, får politiet melding om et annet dødsfall. En mann blir funnet på et hogstfelt, og han bærer preg av å ha ligget lenge. Et oppsiktsvekkende funn på den døde blir innledningen til en av de største menneskejaktene i norsk kriminalhistorie. Det eneste som kan hindre politiet i arbeidet er om pressen får nyss om det som er under oppseiling.
Etter å ha lese denne romanen sit eg att med eit "OK". Romanen er spennande og underhaldande. Det er ikkje det. Men den manglar liksom ein X-faktor. Det skal kanskje noko til å skilje seg ut blant all krim som vert skriven - gjerne etter same oppskrift.
Akkurat idéen om "hulemenn" er interessant nok. Det at nokre lever så amonyme liv at andre kan rappe identiteten deira. At mordaren kidnappar Line, kjenner eg irriterer meg. I krimlitteratur og -film har det vorte ein klisjé etter mitt syn.
Eg kjem sikkert til å lese eventuelt neste roman i rekka ...

lørdag 5. oktober 2013
Jakke i Line
I sommar strikka eg denne jakka som eg først no har tatt i bruk. Jakka var kjekk å strikke. Ein starta oppe i halsen og strikka nedover. Knappehola strikka ein samtidig, så den einaste monteringa var å strikke saman under ermane. Og så felte eg av nede då eg var omtrent tom for garn.
Grunnen til at prosjektet stoppa, var at eg hadde kjøpt sju fine knappar. dei siste av den sorten. Men så strikka eg knapphola for tett og måtte ha åtte knappar. Først på tredje forsøk fann eg knappar eg likte. Eg hadde hengt meg opp i at dei måtte vere kvite eller metall. Men no går det mot haust, og eg bruker jakka til svart.
Oppskrifta finn ein her.

fredag 4. oktober 2013
Flette loff
Vi er i gang med fletteloff på skulekjøkenet. I videoen er ulike fletter. Oppskrifta er her.
torsdag 3. oktober 2013
Snart ferie!
Og som kvart år synest ein at i år skal det bli spesielt godt med ferie. Vi har ein tendens til å legge opp til mykje å gjere veka før det er ferie. I år er ikkje noko unnatak.
Ikkje har det vorte så mykje tid til strikking heller. Eg har ikkje starta på ermane denne gongen. Det ville blitt så mange nøste å halde greie på. Men når eg er ferdig med bolen, kjem eg til å drive det eg kallar parallellstrikking av ermane. Eg merkar det på skuldrene at det er eit stort arbeid. Derfor går det sakte.
Genseren starta eg å strikke valdagen. Sidan då har vi fått mørkeblå regjering. Det står att å sjå korleis det vil gå. Det er ikkje så lett å ta frå folk goder.

onsdag 2. oktober 2013
tirsdag 1. oktober 2013
Bok 47: Disse øyeblikk
På 80-talet las eg trilogien om Tora. Den gjorde eit varig inntrykk. Wassmo braut nokre tabu då ho skreiv om incest. Seinare kom bøkene om Dina. I "Et glass melk takk" tok ho opp eit trafficing-offer si historie.
Vi har tenkt at Wassmo har tatt noko frå sitt eige liv. I "Disse øyeblikk" innrømmer ho å ha gjort det. Ho seier ikkje rett ut at faren har misbrukt henne. Men vi forstår det. Barnet ho får i ung alder, er "elektrikaren" faren til. Romanen er skriven i tredje-person. Ingen har namn. Det er mannen, jenta og gutten.
Det er vanskeleg å forklare kvifor eg likte så godt denne romanen. Kanskje det er språket? Kanskje det er forteljinga som er så allminneleg kanskje, om enn noko trist i botnen? Gjertrud Jynge les nydeleg. Dialekten og stemma hennar passar så godt til teksten.
Eg har ergra meg over mennene i boka - og ikkje minst kvinnene som finn seg i åtferda deira. Likevel handlar kvinnene forståeleg. Det store oppgjeret ein forventar mellom mor og datter kjem ikkje, i alle fall ikkje så sterkt som ein kunne forvente. I det heile er det ein roman med understatement. Men kjenslene vert så flott skildra. Det er ein logikk i det heile, om enn ikkje etter min eigen målestokk.
Wassmo har vunne mange prisar. Eg anbefaler alle å lese bøkene hennar. Start med bøkene om Tora! Så kan du lese denne.
P.S.
Eg ser ikkje vekk ifrå at denne kjem høgt når eg skal kåre årets roman.

Abonner på:
Innlegg (Atom)