søndag 19. april 2020

Nordfjord strikkefestival del 1

Helga før skulane stengde var eg på Nordfjord strikkefestival på Nordfjordeid.  Vi var på ulike arrangement, mellom anna på Sagastad.  Det siste vi rakk laurdag ettermiddag var ein tur innom skobutikken.  Eg kjøpte meg ny skulesekk som eg ville ha til Oslohelga helga etter, og ein regnponcho som skulle vere kjekk på tur.  Ranselen vart brukt nokre dagar på jobb …




På skobutikken hadde dei og laga til strikkepakkar med Skjoratippen vikingvottar.  De ser kanskje skjolda på mansjetten og vikingskipe på vottent? Fargane er slike ein tenkjer seg fanst i vikingtida. Eg måtte lære meg noko nytt, nemleg latvisk flette.  Det er noko eg har tenkt ei stund at eg skulle lære meg. Kort sagt, så er det kjempeenkelt! Det er meir styr med tre trådar om gongen etter mi meining.

1 kommentar:

  1. Det var jo skikkelig fine votter! Men det er jo et verre prakk å strikke med så tynne pinner!🥴 Good on you!😀

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...