lørdag 18. januar 2020

Gratulerer Håkon 26!

I dag kan vi gratulere Håkon med 26-årsdagen!  Faren er i Oslo, og eg er utan bil.  Neste helg kjem dessutan Audun heim, så vi får satse på ei feiring då.
 
Håkon har vore naturinterressert sidan han var liten. Han fann alltid noko som kraup eller levde på anna vis i grøftekanten.  Tok eg ein spade og snudde opp ned på noko kompostjord, hadde han arbeid lenge med å studere småkryp. Etter at han hadde lært seg namna på alle flagga i verda før han var to år, begynte han å lære namn på fuglar.  Ei tid var særinteressa ugler.  Dei siste åra har han vorte meir og meir interessert i jakt og fiske.  Han er og interessert i å læge god mat.  Den eine gåsa fekk vi nydeleg tilberedt.
Det har vorte litt mimring på Facebook og Instagram.  Eg fann eit bilde av han saman med Ingeborg og bamsen.  Ho er 10 månader eldre, men dei vart fort jamstore.  Vi finn dei ofte på bilde saman.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...