søndag 1. desember 2019

Garnet eg vann

Sist eg var på husflidsmøte var det nokon som lurte på om eg hadde brukt garnet ag vann.  Det hadde eg ikkje, for herregenseren tok si tid.  (Han er i Bardufoss, og eg har vorte lova bilde).

Ein dag eg sat og blada i strikkebøker for å få idear, kom eg over ein genser i rett garn, Drops merino extra fine.  Eg var mest spent på vasken, men no har plagga hatt ein runde i vaskemaskina på finvask, og kom like fine i fasongen ut att.  Eg strikka i størrelse 6-12 månader, minste størrelse i oppskrifta.  Fargen gjer at ein ikkje kan strikke mindre størrelsar, tenker eg.

Fargen på knappane får eg vente med.  Det kan hende eg strikkar ei bukse til.  Time will tell.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...