søndag 24. november 2019

Sagastad

 I går gjekk turen til Nordfjordeid.  Vi fekk billettar til Sagastad i gåve frå systera mi til gebursdagane våre i sommar.  No passa det godt å ta seg ein tur.
 Vi er imponerte både over bygget, vikingskipet og det pedagogiske opplegget. Ein bør sjå filmen først, og så får ein repetert og lært nytt rundt om i bygget.
 Eg synest taket er flott!
Etter at vi hadde vore på Sagastad, tok vi oss ein kort runde i sentrum før vi enda i Alleen.  Der fekk vi nydeleg betasuppe og eplekake til dessert av tanta og onken min.  Eg fekk og prata med dei to kusinene mine.  Den eine er med og arrangerer strikkefestival til våren ...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...