torsdag 17. mai 2018
17. mai 2018
I dag feira vi første del av nasjonaldagen der mannen heldt tale på festen.
Det er alltid triveleg å vere i dei små bygdene på 17. mai. Det må vere noko med at alle kjenner kvarandre og alle tek ansvar.
Her heime hadde eg invitert familien på middag klokka fire. Håkon og Birte plukka opp mamma i Ørsta. Audun kom heim midt på natta. Eg la mat i kjøleskåpet hans i går kveld då eg handla. Einar har vore heime ei veke. Berre Olaug mangla. Ho feira dagen i Bergen saman med vener og Alexander.
Serveringa var enkel. Til middag var det kjøtsuppe. Til dessert serverte eg grunnlovsdessert med vedunderleg vaniljekrem og jordbær i gele med (eg innrømmer Piano) vaniljesaus. Eg sette og fram eit glas med hermetiske kirsebær.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar