tirsdag 29. november 2016

Julemarknad

Laurdag stakk vi innom ein julemarknad i Ulsteinvik.  der kom eg over desse søte mysene. Eg syntest ikkje eg kunne skilje dei, så begge vart med heim.

Då eg var lita, beundra eg slike dorulldukker, og eg har tenkt at eg ein gon skal skaffe meg ei.  De veit, slike med rosa kjolar.  Og om dei ein var på besøk hos også hadde ros flossete teppe rundt doen og trekk på setet, ja, då kunne det ikkje bli flottare.  No forstår eg godt at vi ikkje hadde det heime...

2 kommentarer:

  1. Fine myser.
    Eg beundra dei som strikka slike fine ting.
    Eg har ei slike dokke du nemner med fin kjole, liggande i skapet på badet, har ikkje råd til å kvitte meg med den. Har to nydeleg pynta såpe med hank også....

    SvarSlett
  2. Eg er sikker på småjentene dine synest dei er fine!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...