onsdag 13. juli 2016

Samla slekt

 For eit par veker sidan la eg ut på facebooksida til slekta mi at eg satsa på eit treff 13. juli der vi kunne feire alle som har gebursdag om sommaren.  Det viste seg at det passa for alle.  Foreldra mine har tre born og elleve borneborn, og det er fire år sidan alle var saman!
 Når ein skal lage middag, gjeld det å gjere det enkelt.  Eg kokte biffkjøt i går, og så laga eg kjøtsuppe.  Kjøtbollane er ofte mest populære.  Dei laga eg av to kilo malen Gilde kjøtdeig.
 Dei kongelege serviettane kjøpte eg i Brighton
 Mellomstemann hadde laga seg treningsapparat i hagen i dag.
Gjestene hadde laga kakene.  Elles så sette eg som vanleg fram eit ostefat.

No ser vi tilbake på ein svært kjekk dag!

3 kommentarer:

  1. Takk for ein strålande dag, med nydeleg mat og kjekk prat. Fantastisk at alle barn og barnebarn var samla!

    SvarSlett
  2. Eit betre høve til å spandere kongelege serviettar finst vel ikkje! Dette såg kjempekoseleg og ikkje minst GODT ut!

    SvarSlett
  3. Mhhh so fine kaker og flott bord,
    Familien fest er best :-)) fantastisk hvis alle møtes.
    Glede og latter og snakker. Jeg elsker... vi hadde tirsdag også :-))
    Deilig dag.
    Hilsen sender deg Viola

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...