søndag 16. november 2014

16. november

I dag rakk forfattaren å kome heim frå hovudstaden før mellomstemann reiste attende etter perm.  Så fekk vi samle alle, berre ikkje yngstemann.  Han kjem heim på juleferie om knappe fire veker.

Tida flyg.  Førre veke baka vi lefser saman med besteforeldre.  Eg trur to rekordar vart sette.  Ein dag møtte tre bestefedre fram!  Den andre rekorden? Eg plar seie at bestemødrene vert yngre for kvart år.  I år kom det ei som var eitt år yngre enn meg ... Komande tysdag inviterer niande steg til besteforeldrefest.  Det er alltid kjekt.



2 kommentarer:

  1. Så kjekt med slike tradisjonar!
    Og ja dei er ofte yngre enn vi er.

    Ha fin veke!

    SvarSlett
  2. Synd at det ikkje blir fleire besteforeldrefestar på oss.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...