lørdag 26. april 2014

Hagen 26 april 2014 ... eller bildebevis for ein tidleg vår

 Når rododendronen blomstrar tidleg, kan han dessverre kome til å fryse seinare.
 Rabarbraen veks med fleire centimeter for dag.
 Kuleprimula i fleire fargar.  Seinare kjem gule, gamaldagse roser i same bedet.
 Den tidlegaste peonen bruker vi å plukke inn 6. juni.  Skal tru kor mange knoppar som kjem i år!
Løytnantshjarte i knopp.

Bjørka spratt for to dagar sidan her hos oss.  I går klipte eg rosene.  Eg har nokre trufaste som kjem att.  I fjor var eg for seint ute til å få tak i peaceroser. Dei toler ikkje kalde vintrar.

Mannen har klipt plenen i dag.  Det er heller ikkje kvart år vi gjer i april.  Når det er sagt, så er det visst meldt verendringar ...

1 kommentar:

  1. Rododendronen her blømer ikkje, men bjørka har sprotte ut for lenge sidan. Eg klipte plen i dag, og håpar på å kome meg på eit hagesenter for å kjøpe diverse kunstgjødsel og denslags snart. Hønsegjødselen skal få vente til etter neste helg...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...