mandag 21. april 2014

Bok 21: Sønnen

Frå omslaget:
Jo Nesbø introduserer et helt nytt Oslo-univers i romanen "Sønnen". Dette er en skandinavisk "The Wire" i et forstørret hyperrealistisk Sin City-Oslo. Narkomane Sonny Lofthus har sittet i fengsel siden han var atten og finansierer forbruket ved å sone for andres forbrytelser. Han har særstatus blant de innsatte. Sonnys avdøde far, Ab Lofthus, var politimann. Når Simon Kefas, en nær venn og tidligere kollega av Ab, dukker opp, er det for å etterforske et drap som knyttes til Sonny. Men Sonny rømmer, og han har mye å hevne. "Sønnen" er en thriller som på ny viser opphavsmannens mesterklo. Nok en gang skildrer Nesbø et Oslo i noir-toner, og i kulissene danser kommunepolitikere, næringsliv, politi og domstoler med de mektige som loven ikke gjelder for. Samtidig dreier romanen seg om velkjente Nesbø-temaer som far-sønn, lov-rettferdighet, hevn-urett og skyld-soning, og selve navet i beretningen om Sonny er en sterk kjærlighetsfortelling.

Eg hadde høge forventninngar til denne romanen.  På førehand hadde eg ikkje lese noko om han, men eg hadde fått med meg at dette ikkje var ein Harry Hole-roman.  Kven som er heltar og kven som er skurkar, er ikkje godt å seie. Får alle som fortent?

Det tek ei tid å kome inn i alle personane og miljøa i romanen, i alle fall for meg, men når ein først har fått med seg familieforhold og anna, vert ein verkeleg dregen med.  Romanen innfrir.  Den er sapennande til siste slutt. Og spenninga er på fleire plan.

Sjølv om handlinga går føre seg i Oslo, er der noko "amerikansk" over romanen. Det overraskar ikkje at Jo Nesbø vert selt til fleire land.

Dette er kvalitetskrim etter mitt syn! 

3 kommentarer:

  1. Har ikkje lest noko av han diverre..
    Men kjekt den innfridde.
    Ha fin kort veke ;-)

    SvarSlett
  2. No er eg ferdig å høyre Sønnen. Det er verkeleg ei bra bok, og som du seier, spenning på fleire plan. Opplesaren Nils Ole Oftebro er fantastisk!

    SvarSlett
  3. Nils Ole Oftebro er min favoritt til å lese bokmål!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...