søndag 1. januar 2012

Blogging 2012

Dei siste åra har eg kome med ei lita bloggerklæring ved nyttår. Les gjerne her:  2009 2010 2011 (Då slepp eg å gjenta meg sjølv).


Bloggen min endrar seg nok litt kvart år.  Men eg vil nok også i tjuetolv halde fram med å skrive om hobbyane mine.  Eg har elles ei kjensle av at blogging har vorte ein viktig hobby.  Eitt innlegg om dagen har vorte målet mitt.


Handarbeid
I mange år har eg ikkje tatt i ein strikkepinne.  Skuldra mi streika ein gong på 90-talet.  No toler ho meir, og eg kan strikke litt kvar dag, i alle fall når eg ikkje rettar mykje eller skriv mykje på datamaskina.


I går gjorde eg ferdig denne hua.  Eigaren ville ikkje ha den så lang som eg først laga den, så eg rekte opp att og felte av ein gong til.  Det gjekk med  berre to nøste, men så var her ein til som ville ha ei sameleis hue.


Bøker
Eg har alltid likt å lese.  Det var systera mi som begynte å skrive Bok1, Bok 2 o.s.v. Folk lurer kanskje på om vi konkurrerer?  Eg trur det heller er eit teikn på ordenssans ...  I 2011 las eg tre fleire bøker enn i 2010.  Kanskje det var dei bøkene eg lytta til langs vegane då eg var med i dytt?  Bokmeldingane mine er høgst subjektive.  Kor mykje eg skriv om kvar bok, vil vere avhengig av kor godt eg liker boka , og kor mykje tid eg vil bruke på meldinga.


Matlaging
Dei mest lesne innlegga på bloggen, er dei med oppskrifter.  Det er også desse eg får mest tilbakemelding på.  Eg liker å lage mat, men liker og at det skal vere lettvint.  Nokre av oppskriftene er laga til skulekjøkenbruk.  Dei som vil ha meir avanserte oppskrifter, finn det på andre bloggar.


Rett skriving
Eg må vel og innrømme at eg er meir enn middels opptatt av rettskriving.  Det betyr ikkje at eg alltid skriv rett.  Det hender rett som det er at eg finn feil i det eg skreiv i fjor, for å seie det sånn.  Men eg gjer så godt eg kan.  Trykkleifar prøver eg å luke vekk ved å kopiere teksten over på eit word-dokument.  Retteprogrammet hjelper ofte med slike problem.  Midt i mi norsklærarkarriere har det  skjedd ei endring her.  Før retta vi ord som kanskje, sjanse og konkurranse.  
 Retteprogrammet hjelper med slike feil.  Coop har visst ikkje brukt retteprogram her.
Retteprogrammet tek ikkje slike feil.  Det ser ikkje skilnaden på verbet i preteritum boksa og substantivet i bunden form boksen.


Eg vil på ingen måte henge ut folk som skriv feil privat.  Det viktigaste er at folk skriv.  Men i avisa og i brev frå skular og barnehagar synest eg det vert pinleg om der er skrivefeil.  


Sjølvironi
Til slutt vil eg seie at eg håper at folk ikkje tek alt eg skriv og gjer like alvorleg. Eg kjem nok til å he fleire innlegg i sjangeren "Solveig gjer ting ho ikkje kan" eventuelt "uttalar seg om ting ho ikkje har greie på".  


Godt nytt bloggeår!

6 kommentarer:

  1. Eg er ikkje så bevisst på kva eg brukar bloggen til, som du. For meg fungerer den mest som ei dagbok -for meg sjølv, og ei orientering om korleis vi har det - for andre. Eg brukar ofte "ulovlige" nynorskord. Baktanken er: "My blog is my castle"-på bloggen gjer eg som eg vil.Elles har vi mykje det same synet på blogg.
    Ikkjesunnmøringar er kanskje ikkje klar over at ein her på våre kantar seier ei boks-boksa, ei heis, ei garasje, ei kamin osv. Sunnmøringar er glade i hokjønnsord.

    SvarSlett
  2. Slike feil ser ein på med milde auge når ein sit med den raude pennen ...
    Folk skriv som dei vil på bloggar og i det private! Eg vil skrive rett ...

    SvarSlett
  3. Godt nytt år! Kjekt du held fram med blogging! I dag har eg servert bygg-gryns-krem, Tiramisu og Pavlovakake til kaffien, den første er inspirert frå deg.
    Tå-opp-sokken har no fått rett link på bloggen min, berre prøv, veldig morosamt.
    Her blir det sjukmelding ei stund til.

    SvarSlett
  4. Godt nytt år!
    Kjekt at du bloggar om ulike ting..

    SvarSlett
  5. Eg synest bloggen din er artig, så berre hald fram i samme stil! Synest også det flott at du toler betre å strikke no.

    SvarSlett
  6. Takk for all oppmuntring! I dag har eg både strikka ferdig ei hue, lese ferdig ein krimroman og baka ei kake, så eg har litt stoff til blogging. Men - no er regimet strengt, først retting og så blogging (eller data som vi seier til ungane).

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...