mandag 17. september 2012

Norsk hermetikkmuseum i Stavanger



Før det såkalla oljeeventyret, var Stavanger kjend for sine brislingfabrikkar.  Ein meiner der har vore omtrent 80 på det meste. 

På hermetikkmuseet får ein ei god innsikt i korleis produksjonen gjekk føre seg, og korleis det må ha vore å vere fabrikkarbeidar for omlag 100 år sidan.  No er all produksjon flytta til Polen der arbeidskrafta er billeg samanlikna med her. Det å legge brisling i boksar er framleis handarbeid.

Brislingen vart salta, tredd på stålpinnar, røykt, kutta hovuda av og røykt før han vart lagt i olivenolje i hermetikkboksar.  Baksane vart kokte ved 115 grader ein time.  Så måtte boksane vaskast og tørkast før ein hadde etikettar, også kalla iddisar, på.

Ein kan berre tenke seg varmen vede røykomnane og lyden frå maskinene der dei arbeidde ti timar om dagen seks dagar i veka.

Vi fekk vere med ein guida tur i første etasje der det hadde vore produksjon. Der tok eg ikkje bilde.

 I andre etasje fekk ein gå fritt omkring og sjå på kontor og møtelokale.
 Skrivemaskina.
 Flotte møblar og måleri.
Litt enklare forhold her.
Mykje av arbeidet var akkordarbeid.  Her er stemlingsuret.
 Garderoben til arbeidarane.
Toalettforholda.  Legg merke til oppklipte bitar med avispapir.  Her skulle det ikkje sløsast.
 I andre etasje var der ei stor samling med iddisar.  Eg tok bilde berre av ein brøkdel.  Det er ikkje rart at dette vart samlingsobjekt for borna.
 Iddisane vart og tilpassa politiske forhold.
Fleire kongelege dekorerte sine boksar, ikkje berre King Oscar.

Eg synest det er kjekt å gå rundt og rusle i ein by og sjå seg rundt.  Men det er også alltid kjekt å lære noko nytt.  For meg er dette interessant historie.  Eg anbefaler alle som reiser til Stavanger å ta seg ein liten time på dette museet!

P.S.
Om hermetisering kunne dei fortelje at dei hadde boksar som Amundsen hadde teke med seg til Sydpolen og attende.  Kjøtet var ikkje øydelagt.  Boksane hadde altså tolt frå 50 minus til 50 pluss.

søndag 16. september 2012

Norsk hermetikkmuseum

I går gjekk vi oss på dette museet. I dag har vi vore på ei interessant omvising. Framhald vil følgje ...


lørdag 15. september 2012

torsdag 13. september 2012

Bok 45: De ensomme

Dette er den fjerde, og til no den siste, krimromanen med Gunnar Barbarotti.

Ein mann fell ut for eit stup.  For 35 år sidan fall ei kvinne same staden.  Har desse dødsfalla nokon samanheng?  Skjedde det noko kriminelt, eller hoppa dei?

Hendingar i fortid og notid vert rulla opp samtidig. Det viser seg at det skjedde noko då seks ungdomar for på ein busstur til Aust-Europa, som fekk  alovorlege konsekvensar for dei.

Det skjer også dramatiske ting i livet til Gunnar Barbarotti.  Her greier forfattaren å styre unna klisjéar. Som eg har skrive før, har eg stor sans for språket og refleksjonane han.  Når Håkan Nesser skal skildre det vi kallar hoftefeste, seier han til dømes: "Hun satte knyttnevene i det som en gang hadde vært en midje".  Vi ser henne for oss!  Ein kan berre tenke seg korleis ein amerikansk bestseljande kvinneleg forfattar ville sagt det same ...

Eg har høyrt denne lydboka på I-pod samtidig som eg har lytta til Beretningen om herr Roos på MP3.  Den siste er lese av ein kvinneleg opplesar.  Ho les ikkje dårleg, men det er vanskeleg å "matche" Nils Ole Oftebro.  Det er kanskje noko med at forfattaren er ein "eldre" mann, og at bøkene bør lesast av nettopp ein godt vaksen mann?

onsdag 12. september 2012

Nytt strikketøy!

Det er alltid kjekt å velje seg eit nytt strikketøy når ein er ferdig med det gamle.  Eg kika ein del på nettet utan å bli heilt sikker.  Så dukka det opp reklame for denne jakka på facebook (Sandnes garn).  Eg synest den var litt spesiell.  Ho som selde meg garnet påstod at ho hadde tenkt på meg då ho såg oppskrifta, altså må den vere "heilt meg"?

Eg bestemte meg fort for at eg ikkje ville ha oppbrettskant, men same type brot som i halden og stolpane.

tirsdag 11. september 2012

Bok 44: Beretningen om herr Roos




Dette er den tredje boka i serien med Gunnar Barbarotti som etterforskar.  Gunnar sjølv sit med gipsa fot etter å ha jobba på huset som han, kona og dei fem borna skal bu i.  Det har og dukka opp ein kjærast - og svoger Roger.  Denne svogeren har mange feil og manglar, men han har praktiske evner i motsetnas til Gunnar Barbarotti.

Ante Valdemar Roos vert skildra som ein svært kjedeleg person.  Så kjedeleg er han at han leverer inn same tipperekka som far sin, og det gjer han kvar veke.  Då det kom ein til kamp på tippekupongen, heilgarderte han sjølvsagt.  Ekteskapet, det andre i rekka, er heller dårleg.  Så slår rekka hans til.  Han vert millionnær!  No kan han leve ut draumane sine.

På sin veg krysser lagnaden hans lagnaden til Anna Gambowska, ei eks-narkoman jente.  Dette får uante følgjer.

Dette er nok den hittil mest spennande boka i kvartetten.  Det er ei bok av den typen du begynner å sympatisere med dei kriminelle.  Og slutten, ja , den er finurleg som i dei andre.

Eg er godt i gang med den fjerde!

Dei fire romanane har ulike lesarar.  Eg meiner Nils Ole Oftebro som les denne, les absolutt best!

Barbarottikvartetten:



  • Menneske uten hund (2006)
  • En helt annen historie (2007)
  • Beretningen om herr Roos (2009)
  • De ensomme (2011)
  • mandag 10. september 2012

    Hallo! Vi lever i 2012!

     I går var det eit innlegg som fekk stor merksemd på facebook:  Ein elev hadde spurt læraren om kvifor dei ikkje fekk lære å lage mat i mat og helse, og ikkje berre bruke posemat.  Læraren skal ha svart: "Hallo!  Vi lever i 2012".  Skulen sitt namn var og nemnt.  Hellstrøm må rundt og rydde på skulekjøkena!

    Det kjem ulike reasksjonar:
    - Det er dårleg gjort å nemne namnet på skulen.
    - Nokon må syte for at læreplanen vert følgd.
    - Det er foreldra sitt ansvar å lære opp borna.
    - På skulekjøkenet må ein lære å lage mat frå grunnen av.


    Privatpraktisering
    Det er sjølvsagt aldri kjekt når ein skule vert hengd ut offentleg.  Det går kanskje direkte på ein person.  Men eg meiner at det er skulen som bør ha planar for alle fag.  Det er ikkje opp til ein lærar å drive som ho eller han vil.  Dessverre er det slik i Noreg at ikkje alle lærarar har utdanning i det faget dei vert sett til å undervise i.  Mat og helse er det faget med færrast lærarar med utdanning.  Det bør det gjerast noko med.

    Ei god hjelp i undervisninga er ei kokebok med sunne, enkle og gode oppskrifter som elevane får til odel og eige.

    Undervisninga skal skje etter statens ernæringsråd sine retningsliner.  Det står i instruksen vår.  Lærarar har plikt på seg til å oppdatere seg fagleg.  Kommunen må og syte for etterutdanning.  I morgon skal eg til dømes på kurs i vurdering i mat og helse.  Det treng eg!

    Foreldra sitt ansvar
    Foreldra har sine råd og organ som dei kan nytte.  Dei får elles stå for matstell og opplæring heime, men dei skal ikkje kompensere for dårleg undervisning.

    Mat frå grunnen av
    På skulekjøkenet skal maten lagst frå grunnen av. Å lese på baksida av ein pose, greier dei fleste å lære seg sjølve.  Eg meiner det er viktig å lære seg grunnleggande ferdigheiter i faget.

    Om ein vil ty til ei ferdigsuppe ein gong, kan ein finne grunnar til det.  Då meiner eg det eventuelt kan vere lurt å til dømes ha fisk eller fiskebollar og ekstra grønsaker i fiskesuppa.  I andre tilfelle som til dømes vaniljesaus, kan det vere like greitt å kjøpe heilfabrikata som halvfabrikata.  Det kan vere ulike middagssausar eller til dømes vaniljesaus.

    Posar med kakemiks er eg ein sterk motstandar av.  Ein ting er at det er like lett å lage kaker frå grunnen av. Oppvasken og ryddinga vert omtrent det same.  Men den viktigaste grunnen er at sukker og feitt vert kamuflert.

    På skulekjøkenet får ein lære elevane at heimebakst er best og laga av reine råvarer.  Kanskje vel ein å lage grove vaflar framfor kakemiksen neste gong ein skal ha noko søtt.

    2012
    I 2012 sit vi inne med mykje kunnskap om næringsstoffa.  I ei suppe laga av pulver, går vi glipp av naturlege vitaminar.  Næringsstoffa har gått gjennom ulike prosessar.

    Så får ein lære å lage sunn og rask mat på skulekjøkenet.

    Mat og helse i vidaregåande skule
    Ernæringslære er ein viktig del av mat og helse-faget.  Det spørs om ikkje faget må bli obligatorisk også  i vidaregåande skule.  Eg meiner at det å  bygge skulekjøken vil vere viktig for folkehelsa.  Ein bør nå dei unge vaksne, gjerne rett før dei flyttar heimanfrå.  Det er og viktig å lære om mat før ein vert foreldre.

    Kven skal rydde opp?
    Det hadde sjølvsagt vore artig å høyre Hellstøm sine meiningar om skulekjøkenet.  Eg tvilar heller ikkje på at det ville hatt stor underhaldningsverdi! Elles reknar eg med at det er lærarane han skal ta for seg, ikkje elevane?

    Rett yrkesgruppe for jobben er kanskje ernæringsfysiologane?

    Vi vil leve sunt.  Men kva som er sunt, vil vi bestemme sjølve
    Dette er ei anna overskrift frå denne veka. Etter mi meining må teoriar om ernæring selje godt. Avisene spreier den eine sanninga etter den andre.  Folk vert forvirra! Det merkar eg på elevane mine. Alle "veit" no at poteter er usunt.  Men kva et dei i staden?  Byggryn? Blomkål?

    No skal eg gje meg for i dag.  Dette kunne lett bli eit nytt blogginnlegg!


    Bilda er av ei ny mjølk som kom i butikken i dag, den til venstre.  Mjølka inneheld 5 g protein i staden for 3,3.  Prisen? 30 kroner.

    søndag 9. september 2012

    Mimremiddag

     Inspirert av boka om tradisjonsmat på Sunnmøre, som eg no har lese ut, leitte eg i dag fram litt arvegods.  Blondeduken var litt smal til mitt bord.  Eg reknar med han har vore brukt på eit smalt teaksalongbord.  Med ein annan duk under gjekk det greitt.  Tallerkan, glasa og dessertglasa kjem frå svigerforeldra mine.
     Kaffikoppane har eg arva frå mi farmor.

    Om "besta" brukte papirserviettar, er eg usikker på.  Det var vel helst til dei store anledningane.
     Sidan eg hadde tatt opp svinekotelettar frå frysaren for å ha til middag, bestemte eg meg for å bruke ei oppskrift frå kokeboka: "Svinekotelettar i brun saus".  Det har eg aldri laga før.
     Far min meiner at det bør vere rabbe til brun saus.  Gulrøter høyrer sjølvsagt til, og hadde "besta" hatt romanesco, så hadde ho vel brukt det.
    Til maten serverte eg heimelaga saft som eg kokte i går av dei siste bæra.

    Dommen frå gjengen her: Maten var god, men dei liker nok mors mat betre enn bestas, i deira tilfelle oldemors.  Så kotelettane vert vel steikte og sette i omnen på svak varme i framtida.

    Og desserten?  Hermetiske kirsebær, kjøpte på svenskegrensa.  Dit kom nok aldri "besta".

    lørdag 8. september 2012

    Septemberlaurdag

     I dag tidleg kom studenten heim med nattbussen.
     Skal tru om vinnarlykka har starta i år?  Eg må i alle fall syte for å ha med meg pengar når eg er ute på laurdagshandel.  Det har vorte ein vane å dra kort også for småbeløp.  At innhaldet i gevinsten var eit lys, var inga overrasking.
     Men om eg var heldig, ville det høve til den eine pakken serviettar eg kjøpte på tilbod på Nille!

    Så fekk vi dekke eit haustleg bord.  Med strykefrie dukar frå Jysk og blomster frå hagen, er det både enkelt og rimeleg å dekke eit bord.
    Til middag serverte eg lammegryte.  Desserten på bildet er surmjølkfromasj.  Eg fann oppskrifta i eit meldareksemplar av ei kokebok som skal lanserast neste helg.  Vanlegvis lagar eg mjølkedessertar av to liter mjølk, men eg var litt usikker på om denne ville falle i smak hos den yngre garde.  Ingen grunn til "bekymring"!

    Så kjem spørsmålet; kor tid har eg ete surmjølkfromasj.  Eg meiner vi laga det på skulekjøkenet i åttande klasse.  Men hadde vi det heime?

    fredag 7. september 2012

    Endeleg!

     Endeleg låg den siste sesongen av serien i postkassa!  Denne gongen fall eg for freistinga å bestille på play.com igjen.  Der er seriane billegare enn på cdon.com, og ein slepp å betale porto. Tekstinga er rett nok på hindi og engelsk. Cdon.com leverer nok også raskare.  Men no er dei siste episodane her.
    Kanskje nokon av blogglesarane har tips om kvar dei bestiller filmar.  Skal eg prøve amazon.com?  Har de erfaringar?

    torsdag 6. september 2012

    Vi er budde!

     Då eg såg denne smørpakken i butikkhylla, meinte eg at eg kjende att pakken. Eg har sett at bakepulver skal seljast i retroboksar.  Skal det same skje med smør?  Men det sto vel ikkje "butter" på smørpakkane før?
    Ein må sjølvsagt snu pakken!  Der ser ein at smøret er fransk og har vore frose.  Tine har sett merket sitt i høgre hjørne.  I år er altså landet budde på julebakst - i september.

    Eg har ei kjensle av at den tida smørpakkane likna på denne, var krisa dei store smørlagera i Europa.




    onsdag 5. september 2012

    Kvardagsgryte med strimla svinekjøt

    Eg likar diverse matsider på facebook, så det kjem ofte oppskrifter på veggen min.  For nokre dagar sidan dukka denne gryta opp.  Først såg eg attkjennande på panna som stod på bordet heime i mange år, og så las eg oppskrifta. Wenche på Frukost-TV seier at ho kan vurdere ei oppskrift med å lese ho.  Slik er det vel med mange. Her såg eg til dømes med ein gong at ein må vere forsiktig med salt viss ein bruker buljong med salt i.  1 ts pepar synest eg også var rikeleg.  Start i alle fall med halvparten og smak til! Gryteretten var populær i heimen!

    Eg har omsett oppskrifta til nynorsk og kome med eigne merknader i kursiv.
     600 g reinskore svinekjøt
    1 ts salt (NB! 1/2 synest eg var nok)
    1 ts pepar (1/2 ts? - smak til)
    2 ms margarin til steiking
    1 løk, finhakka
    1 båt kvitløk, finhakka
    200 g frisk sjampinjong i båtar
    1 raud paprika i terningar
    2 dl utblanda buljong (1 ts buljongpulver og 2 dl vatn)
    2 dl crème fraîche, lett
    1 ms dijonsennep

    1. Steik løk og kvitløk i ei stor gryte.  Tilset sjampinjong og paprika.

    2. Ha i kjøtet og krydre med salt og pepar.  Steik det til kjøtet har fått steikeskorpe.

    Eg steikte kjøtet i ei steikepanne ved sida av.  Då vert det lettare brunt, og ein sparer litt tid.

    3. Tilset buljong, crème fraîche og sennep, og lat det koke i 10 minutt.

    Eg synest det er viktig at svinekjøtet vert møyrt!

    Server med ris.

     Om eg følgde oppskrifta slavisk?  Nei, eg hadde berre ein pakke med 500 g kjøt, men så hadde eg putta 300 g sopp i posen. Elles hadde eg både raud og gul paprika.  Sidan eg hadde eit beger vanleg crème fraîche i hus, brukte eg det. Der slutta vel retten å vere mager.  Ein kan sikkert bruke fløytemjølk med litt sitronsaft om ein ikkje har rømme eller crème fraîche.
     I tillegg til ris kokte eg eit heilt blomkålhovud. Blomkål inneheld fleire mineral og vitamin enn ris.
    Ein slik romanesco er eit sjeldan syn der eg handlar, så han måtte sjølvsagt bli med heim!

    tirsdag 4. september 2012

    Tysdag 4. september

    Det blæs på Sunnmøre i dag.  Tysdagsturen vart temmeleg frisk.  No håper vi at stormen ikkje vil gjere for stor skade i hagen.

    Dagen i dag vil vel gå inn i historia som den dagen dei fann Sigrid.  Eg føler sterkt med familien.

    mandag 3. september 2012

    VI LAGAR SYLTETØY


    Eg har fått tilbakemelding på at eg gjerne må legge ut oppskrifter frå skulekjøkenet.  Denne veka lagar vi vaflar (Oppskrift i kokeboka deira.) og kokar syltetøy.  Elevane vert oppmoda om å ha med 1/2 l bær.  Dei siste åra har eg sagt at det er heilt greitt å ha med bær frå frysedisken.  Erfaringa er at dei aller fleste har med seg bær.  Og om nokon ikkje har, får dei lage vaflar.

    Eg viser både korleis ein lagar vaffelrøre og korleis ein kokar syltetøy.  Elevane vert overraska over kor lett det er.  Ein får hugse på at dei er nybyrjarar etter berre to gonger på skulekjøkenet.

    Tre elevar er på gruppe.  Ein av dei startar med å lage vaffelrøre.  Dei to andre kokar syltetøy.  Etterpå steiker ein av dei vaflane medan han/ho som lagar vaffelrøra kokar syltetøy. Dei fleste kan å steike vaflar frå før.

    Ideelt sett bør elevane rekne ut sukkermengda sjølve, men det kan lett føre til stort behov for hjelp, så eg har tatt arket under og laga oppskrifter med 300, 400, 500, 600 og 750 g bær.  Dei får rette oppskrifta når dei har vege bæra.  Oppskrifta er laga med utgangspunkt i oppskrifta på fruktpektinposen (grøn Certo).

    Elevane får med seg syltetøy heim - og kanskje det vert vaflar rundt om i heimane?  Eg laga ei blanding av bringebær og rips i dag.


    1.    Vask glasa og legg dei i steikeomnen på 125 grader i ei langpanne med vatn i.  Damp glasa i 20 min.

    2.    Veg bæra dine: Set panna på vekta og nullstill.                         
         Ha i bæra og noter vekta.

    3.    Rekn ut kor mykje sukker og syltepulver du treng.  Mål opp.

    4.    Kok bæra til dei er møre, ca 5 minutt.

    5.    Rør inn pulveret og lat sylta koke i 1 minutt.

    6.    Ha i sukkeret og kok til det har løyst seg opp.

    7.    Ha sylta på reine glas. Lat glasa stå opp ned.



    1 kg bær
    8 ts syltepulver
    4 dl sukker

    søndag 2. september 2012

    Byvandring i Ålesund

     I dag kjem det som heiter bilderas i bloggverda.
     Som eg har sagt før, held eg vener utanfor bloggen.  Men når vener spanderer byvandring som ein del av jubileet sitt, ja, då er det freistande å legge ut bilde frå denne opplevinga.
     Byvandringa starta ved Skateflukaia der snøggbåten frå Hareid legg til.  Vanlegvis er det den vegen vi reiser, men i går vart det nattferje.
    Som kjent brann mest heile Ålesund ned i 1904.  I følgje guiden stod 50 av 850 hus att.  Alle trebygningane i sentrum er frå før brannen.
     Arkitektane til alle husa var norske, men dei hadde studert i utlandet.
     Jugendstilen er kjent for sine ulike vindauge i ulike etasjar.
     Tårna er også eit typisk trekk.
     No har husa fine farger.  Men malinga den tida var dårleg.
     Så det vart sagt på spøk at Ålesund var så stygg i 1940 at tyskarane trudde byen var bomba frå før.  Bygningane var grå med "sørgerender".
     Ålesunds vakraste pipe kan de skimte bak i bildet.
     Vakre utsmykkingar.

     Gågata.

     Kanskje denne fasaden er ein av dei finaste?
     Ålesunds smalaste hus.

     Guiden vår.  Eg har gått gjennom gatene i Ålesund saman med ein kollega som bruker å guide tyskarar, ein gong før. Då og lærte eg mykje.  Denne dama gjekk grundig til verks.  Guidar har gjerne nokre røvarhistorier som dei spritar opp med.
     Smijernsrekkverk er også typisk for jugendstilen.


     Benkar i gågata.
     Parkområdet ved parkeringsplassen.


     Eg synest det er utruleg at ein får henge opp reklame på jugendhus!  Det er skikkeleg skjemmande!
     Dette huset skal vere dekorert med 12 troll.
     Norske detaljar.
     Jugendstilsenteret.  Hit får vi ta oss ein tur ein gong ...
     Sildekona.




     Gata ut mot Fiskerimuseet. Der står trehus att.

    Det var overskya opphaldsver og mildt under byvandringa.  Eg håper blogglesarane synest det er interessant å sjå bilde frå ein av Noregs vakraste byar.  Folk kjem frå heile verda for å sjå byen.  Vi som bur nær har og mykje å lære om byen og den nære historia.
    Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...