Vi starta dagen i Ulsteinvik i dag der mannen heldt tale og la ned kransar ved minnesteinane
Noko av det er syntes var stas då eg var lita, var å sjå politi fremst i toget.
I Vik køyrde ein politibil fremst i år.
Ved minnesteinane var det korsong før Øystein heldt tale..
… og la ned kransar.
Vi prata litt med folk før vi køyrde nordover att. Då vi nærma oss Hareid såg vi at vi ville rekke å sjå toget frå vår vande plass.
I Hareid går ordføraren fremst.
I sentrum såg vi toget for andre gong.
Veret har vore strålande, så etter kvart vart det kaffi i hagen.
Olaug er heime i helga. Etter kvart kom også Håkon ein tur. Dei to eldste var på jobb i Bardufoss og i Ålesund.