I dag kom dei nærtbuande borna på middag. Eg serverte kjøtsuppe med focaccia og pærekake med krem og fruktcoctail til dessert.
I går kjøpte eg ein lilla løpar og nokre lilla lys til halv pris på Nille. Eg tok sjansen på at eg hadde adventserviettar. Utvalet i heimen var greitt. Eg fann nokre med litt raudt/rosa i som passa til julegledene.
Det er eksamenstid for ungdomane i familien, så vi er glade for at dei tek seg ein pause og kjem hit.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar