lørdag 7. oktober 2017

Vedelajakke

No skal blogglesarane endeleg få sjå Vedelajakka som eg strikka i sommar. Eg strikka bolen på flyplassar og på fly til og frå Shetland.
Christine hadde på seg ei heilt spesiell kufte då vi var der.  Eg la spesielt merke til knappane, og fann ut at eg ville prøve å få tak i slike til kufta eg heldt på med.  Christine tipsa om butikken i Lerwik.  Der hadde dei stort utval av tinnknappar!  Då dei fann fram eska med knappane i, såg vi at dei var importerte frå Noreg.  Boksen var sikkert 30 år gamle.  Det var prisane også, ca. 100 kroner for 24 knappar...

Eg har omtrent flytta inn i jakka. Ho kan brukast til kvardags til dongeri og til svart bukse eller skjørt til litt finare bruk.  Garnet er Sandnes alpakka.  Det er mjukt og litt blankt.

4 kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...