lørdag 13. mai 2017

13. mai

Denne helga er det konfirmasjon i bygda.  Veret har vore like fint som det var i Kongsberg førre laurdag.  No får vi ønske oss ein fin søndag.

Vi starta dagen med ein liten handlerunde.  Eg handla litt saman med mora mi i går, men nokre varer må kjøpast rett før det skal i kjøleskåp og frysar.  Elles kjøpte eg litt 17-mai-stæsj på Nille.  Det vart enda billegare enn vanleg, for eg hadde fått ein verdisjekk på 71 kroner.

Så fekk eg meg nokre timar i hagen med bok på øyret før eg laga middag.  I dag har eldste- og yngstemann sprunge halvmaraton i Ålesund.  Begge med gode resultat. Broren i Oslo var med på Holmenkollstafetten.  Laget hans tok tredjeplass i militær klasse.

Eg steikte svinekotelettar i omnen på svak varme i dag.  Det er ein grei måte å gjere det på når ein vil vere ute.  Så fekk dei krem og hermetisk frukt til dessert.  Dei spreke karane treng å fylle opp lagera.

Om ikkje lenge startar Melodi Grand Prix. Der er eg litt utanfor i familien.  Eg har vald å heller sjå krim enn å sjå semifinalene.  I kveld får eg hekte meg på!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...