onsdag 28. desember 2016

Julas frekkaste?

I går kveld hadde vi rigga oss til for filmkveld i heimen.  Frøkna hadde kjøpt denne til mora som ikkje hadde kome seg på kino.

Eg drog ut filmen og beit i plasten i eit hjørne.  Det er ikkje alltid like lett å få av emballasjen, men denne plastfolien glei rett av.  I det eg opna coveret, vet eg sittande som eit spørjeteikn.  Filmen var vekke!

Nokon må ha spretta opp plastfolien i sida og lirka ut filmen.  Ein kan lure på om det har skjedd i butikken, eller om der har vore ein utru tenar i eit tidlegare ledd.  Uansett er det svært simpelt gjort.  Ikkje minst fordi den som har betalt for filmen, må ordne opp.  No kjenner eg butikksjefen godt, og frøkna endå betre, så eg veit eg får ny film.

P.S.
Eg kjem tilbake med fleire julegåver etter kvart.

3 kommentarer:

  1. Denne filmen er faktisk mykje betre enn boka, så du kan glede deg. At nokon vil gjere seg til tjuv for så lite forstår eg ikkje.

    SvarSlett
  2. Irriterande!Men du kan glede deg til filmen :)

    SvarSlett
  3. Vi hadde heldigvis filmar på opptakslista. Så kvelden var ikkje øydelagt. Men eg forstår ikkje kva dei som gjer slikt, tenker.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...