mandag 26. september 2016

Bok 38: Heksejakt


Då hekseri og trolldom var blodig alvor!

Frå 1400-talet og fram til rundt 1700 blei 100 000 kvinner og menn stilte for retten og skulda for hekseri og trolldom i Europa. Rundt 50 000 av desse blei avretta. Her i landet blei over 300 såkalla hekser drepne. Dei var vanlege kvinner, gifte og ugifte, fattige og rike, unge og gamle. 

Heksene blei hengde eller halshogne, men oftast brende. Bålet skulle ha ei reinsande kraft. 

Historikaren Aina Basso fortel om hekseprosessane i Europa og i Noreg. Her blir vi kjende med hekser som franske Jeanne d'Arc og tyske Merga Bien, men også norske hekser som Anna Pedersdotter Absalon og sunnmørske Sva-maska. Vidare får vi historia om den siste og aller verste av hekseprosessane i Finnmark. I 1662 blei 31 kvinner skulda for å vere hekser. Av desse var det seks småjenter. Kven var heksene? Og korleis i alle dagar kunne noko slikt skje? 

Heksejakta er ikkje over. Både i Asia, Sør- Amerika og Afrika er det stader der dei framleis brenner hekser.


Denne romanen tok eg med til lesetime i 9B. (Resten las eg på reisa.) Eg viste elevane kva eg ville lese, og ei av jentene hadde allereie lese boka.  Det forundrar meg ikkje! Mange er nok interesserte i temaet. Og denne boka er lettlesen og rikt illustrert.  Det er ei blanding av faktastoff og sanne forteljingar.  Viktig informasjon er i eigne avsnitt.  Lay outen gjer boka rett og slett tiltrekkande!

Målgruppa er born 9-12 år, men eg trur at både eldre born/ungdomar vil like boka.  Sjølv liker eg godt å lese faktabøker for ungdom.  Kan ein det som står der om eit emne, kan ein det viktigaste.

Eg synest at forfattaren skriv best for den yngre garde.  

No er ikkje eg den mest lettrørte, men slutten på boka rørte meg.  Der tek ho fram hekseri i vår tid generelt og den vesle guten Hope spesielt.  


2 kommentarer:

  1. Fin omtale av boka til Aina.
    Eg trur eg vil sende linken til sida di til henne.
    Ho er flink. Me er så stolte av henne.

    SvarSlett
  2. Kjekt! Eg håper ho får skrive fleire faktabøker for ungdom!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...