mandag 29. august 2016

Syltetøy steg-for -steg

Besta har ein del plommer i hagen. I går var eldstemann der og plukka. Fleire kan få, seier ho.  Kanskje nokon får lyst til å lage syltetøy sjølve?  det er ikkje vanskeleg!
 
Du må kjøpe sukker syltepulver.  Eg brukte 1,2 kg sukker og to pakkar syltepulver til 3 kg. 
 
Bruk oppskrifta på syltepulverpakken.  Eg anbefaler grøn certo/fruktpektin.  Det var ikkje det eg hadde i dag.
 Rens bæra eller frukta.  Plommer kan ein dele i to og ta ut steinane. Då slepp ein å fløyte dei ut seinare.
 Kor plommene møyre. Her må ein passe på! Eg hadde på kokeblomen og let plommene koke på svak varme.
Les på pakken om du skal ha syltepulver eller sukker i først.

 Ha i sukker, ca 4 dl pr kg bær.  Kok opp.
Aus syltetøyet på reine glas.  bruk ei trekt om du har. Fyll dei fulle og set glasa opp-ned.

Plommeplukkaren skal få seg nokre glas som han kan bruke til havregryn og mjølk!

2 kommentarer:

  1. Eg har eit par pakkar ferdigrensa opalplommer frå i fjor i frysaren. Dei kan du få ved høve.Eg kokte sylte av små blå plommer, utan å ta ut steinane. Dei er gode å suge på og gir litt smak til sylta. Dei små blå treng litt meir sukker enn Opal, så er brukte 1kg til 2,5 kg plommer, vi likar den sylta godt.

    SvarSlett
  2. Det var nok omtrent det eg brukte!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...