mandag 24. desember 2018

Kvelden før kvelden

 I dag har eg baka litt gjærbakst, laga eit par karamellpuddingar og ordna litt.  Frøkna for til byen, så det var berre dei to eldste gutane som kom til middag.

Før hadde vi alltid graut klokka 12 på julaftan.  Den tradisjonen er broten etter at gutane har flytta ut. Så eg laga graut i dag som vi åt før fotballkampen.  Etter kvart vart det kaffi med julebrød og aniskringler attåt.

Nissetallerkane høyrer jula til. Eg har tolv tallerkar med seks ulike motiv.

2 kommentarer:

  1. Eg har på ein måte hoppa over to juler, så eg har gløymt mange av tinga som har med jul å gjere. Blant anna desse tallerkane. Eg kjøpte i alle fall nokre av dei, og Rasmus fekk kaffikoppar med same mønster. Det er noko spesielt med det som blir brukt berre ein gong i året. "Julekoppane" mine med dompapar på er i bruk minst ein gong i veka.

    SvarSlett
  2. Det er like koseleg å ta fram tallerkane kvart år!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...