søndag 6. april 2014

Flette med åtte

 Det er ei her som liker å sjå "Hele Norge baker", så det vert til at eg og ser på programmet innimellom.  I fjorr meinte nokon at eg burde melde meg på, for eg ville sikkert ha vunne heile greia.  Det er kjekt at folk har tru på meg, men eg ville nok fort ha ramla ut av konkurransen.  Fanske paiar og diverse anna bakverk har eg inga erfaring med.

I det siste programmet eg såg, laga dei fletteloff med 8-fletter.  På papiret ser det vanskeleg ut, men for meg såg det ut som det kunne vere same framgangsmåte som 6-flette.  Eg måtte berre prøve, så i dag laga eg ein deig med 4 dl mjølk. Skulekjøkenoppskrifta finn de her.
Utfordringa er ikkje sjølve flettinga, men å få jamne emne. Ein legg fire emne mot venstre og fire mot høgre. Elles er det berre å krysse hendene, legge emnet i handa nedst ned innerst, ta eit nytt emne ytterst.  Ein jobbar alltid på motsett side, og ein slepper berre det eine emnet.

Utsjånaden vert nokså lik seksfletta, vil eg seie ...

3 kommentarer:

  1. Syns det ser veldig vanskelig ut med så mange emner.
    Men jeg må nok prøve en gang.
    Ser jo veldig stilig ut.
    Ha ei herlig uke :)

    SvarSlett
  2. Det ser både godt ut og vanskeleg....

    SvarSlett
  3. Den forsvann i eitt måltid ... Hadde emna vore jamnare, hadde fletteloffen vorte finare. Ein får berre øve!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...