søndag 15. januar 2012

Vårleg vinterdag

 I dag gjekk eg rundt vatnet før eg laga middag.  Markane er grøne her, og det ligg mange svanar på vatnet.  Eg kjenner at eg gler meg til våren!

Det vert sagt at no skal dei fleste nyttårsforsett ha sprukke.  Bra for meg, for mitt fekk ein sein start.  No framover skal eg nemleg gå minst 10000 steg om dagen.
Nyttårsønseket mitt er at eg skal få ha så friske skuldrer at eg kan strikke mine eigne kle.  Eg har begynt på ein tunika som eg fann oppskrifta på i eit ung mix-hefte.  Garnet heiter alfa, og eg bruker pinnar nummer sju, så eg trur eg skal bli ferdig før vinteren er slutt!

Journalisten hadde fri i dag, så eg inviterte han på middag.  Det vart lapskaus laga av godt biffkjøt til middag og riskrem til dessert.  På bordet ligg den siste av dukane eg strauk til jul. 

1 kommentar:

  1. Aldri for seint med eit løfte for resten av året ;-)
    Ser det vert kaldare til neste helg om yr.no har rett..
    Nyt ei ny veke av eit heilt nytt år :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...