lørdag 14. januar 2012

Bok 3: Straffen

Denne romanen har eg gledd meg til å lese sidan eg såg at mor mi hadde fått tak i han.  Det er visst den tolvte i rekka med advokat Svend Foyn, han med sanktbernhardshunden Hulda, som detektiv.  Dottera er ikkje viktig i denne romanen.  Ho er vel blitt vaksen.

Romanen opnar tragisk med at ei god venninne av Svend, nemleg Anne Rønningen, vert funnen drepen.  Dette truleg fordi ho visste for mykje.  Svend Foyn begynner å etterforske i kjent stil.  Vi ventar ei nær-døden-oppleving, og her vert vi ikkje skuffa.

Eg liker svært godt Jan Mehlum sin forteljarstil.  Her er gode skildringar.  Han kan dette med å ta folk på kornet.  Språket er elegant.  Folk ryggar ikkje bakover heller.

Eg er samd i denne meldinga.  Les ho - og les gjerne boka!

1 kommentar:

  1. Eg likar bøkene til Jan Mehlum, og er heilt samd i det du skriv. Det er ikkje nødvendig å ta med alle verdens problem i ein krimroman.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...