lørdag 14. september 2019

Eg driv og vinn for tida!

 På strikkekafeen på TrådKråa førre veke der Ingunn Myklebust presenterte den nye boka si til venstre på bildet.  Eg kjøpte sjølvsagt eit signert eksemplar. Når eg får gratis kaffi og kaker, kjøper eg sjølvsagt rikeleg med lodd!  Og der vann eg ei bok til. kven skulle eg gi den til, var min første tanke.  Men så fekk eg andrepremien, som altså vart den andre premien, i staden.
Onsdag var eg på husflidsmøte med tema "oldemorsruter". Der er det både loddsal og garnlotteri.  Ein har med seg eit nøste og legg i korga. Eitt nøste = eitt lodd. Eg hadde gløymt mine to nøste.  Dei som ligg bakarst. Men eg fekk kjøpt meg eitt. No spørs det kva dette skal bli.  Eg har aldri strikka i merinoull før, verken Drops eller andre kvalitetar.  Garnet må vaskast i maskin, så eg ser for meg at det er godt til barnekle.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...