mandag 6. mars 2017

Haukelikofte

Det er sjeldan eg vert lei av strikkeplagg undervegs. Denne kofta tæra på tolmodet, ikkje minst fordi då eg skulle ha kome opp under armane, verka ho altfor kort. Dermed strikka eg ein heil mønsterrapport ektra.  Sjølve mønsteret er temmeleg krevande.  I tillegg dreiv eg og endra på fellingane. Ei helg eg var halvsjuk, kom eg meg over ein bøyg. Så lei var eg til slutt, at eg ville gi vekk heile kofta.
 
Men så fekk eg montert plagget og sett i knappar. No har eg omtrent flytta inn i kofta.
Om nokon lurer, så er garnet Finull.  Knappane bestilte eg på Sandnesgarn, for eg orka inga leiterunde.  Eg synest det er fint når knappane har mønster som "matchar".
 
NB! Det er sjeldan eg skriv bevisst feil.  Observante lesarar veit kanskje at det heiter kufte på nynorsk.  Det seier ein i Nordfjord, men ikkje her på Sunnmøre.

4 kommentarer:

  1. Kofta er kjempefin.
    Det ser deilig ut at den er så sid.

    SvarSlett
  2. Den var veldig fin og kledeleg!

    SvarSlett
  3. Gratulerer med ny kofte. Det må jo ta litt tid med alt det mønsteret. God helg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...