fredag 11. august 2017

Mikagenser til Birte

I dag har vi hatt fotoøkt i hagen.  Eg hadde så lyst å ta bilde av genserane eg har strikka til jentene i vår og sommar.
 
Først ute er Mikagenseren frå Bystrikk som eg strikka i vår til Birte. Eg løyvde ganske mykje garn frå Saragenseren, så eg fekk brukt det i tillegg til tynn alpakka. Eigaren har brukt genseren mykje. 
I boka er genseren strikka ovanfrå og ned. Så då måtte eg gjere litt om på oppskrifta.  Det har hendt meir enn ein gong at eg synest genserar vert for vide i halsen.  Det kan ein lett gjere om på dersom ein strikkar rette vegen. 
I staden for å notere på ark og i hefter bruker eg no strikkedagboka eg fekk til jul.  Eg trur eg vil forstå mi eiga oppskrift om eg skulle finne på å strikke ein genser til ein gong i framtida ...

tirsdag 8. august 2017

Jålepotter?

Fredag fornya eg urtene mine då eg var i Ørsta.  To av dei, ein sitronmelisse og ein timian, hadde eg hatt sidan eg kjøpte pottene. Dei har flytta ut i åkeren. Rosmarin og ikkje minst basilikum, har eg skifta ut før. 

Eg hadde ønska meg slike potter til det nye kjøkenet.  Men eg fekk prissjokk då dei ville ha 350 kroner for kvar på Kitch'n..  Det sa eg vel og, for dei leita fram nokre til halv pris.  Då slo eg til.

Det eg var mest spent på, var om patenten verka.  Der er tau som ligg rundt nede i potta og to som stikk ned i vatnet.  Det beste av alt er at ein ser kor tid ein må fylle på meir vatn.

Eg er godt nøgd med pottene.  Dei er praktiske og funksjonelle.  Er urtene av god kvalitet når dei kjem i hus, varer dei lenge.

søndag 6. august 2017

Bok 30: Ned til hundene


 

 En kvinne med rullekoffert går av bussen et sted på Sjælland. Hun er en forfatter som har forlatt sin mann og leter etter et godt sted å gråte. John og Putte, to vennlige fremmede, tar henne med hjem og innlosjerer henne på hjørnesofaen i stua. John og Putte sliter begge med whiplash etter en bilulykke og må klare seg med småjobber. De passer hundene til Puttes onkel, mens han er innlagt på sykehuset. Puttes bror Ibber bor også i nærheten. Og så er det den eldre kvinnen ved siden av, Elly, som har bruk for hjelp innimellom. John og Puttes liv er på en og samme tid trygt og fremmed. Og det rommer en historie, som bare langsomt avsløres for kvinnen med rullekofferten.        

Dette er ei lita bok, på berre 3 CD-ar. Forteljestilen er spesiell.  Her må ein lese mellom linjene.  Eg ser at mor mi las den to gonger.  Eg har vore inne på tanken ...   
(Her få blogglesarane lese mellom linjene.)     

Bok 29: Tørst


Et drapsoffer blir funnet i sitt hjem med bitemerker i halsen. Kroppen er tappet for blod. Kan det være vamyprisme - et svært omdiskutert felt i psykiatrien. Tidligere etterforsker Harry Hole vet bedre enn noen at flere av krimhistoriens verste seriemordere har vært diagnostisert som nettopp vampyrister. Men Harry har et annet motiv for å bistå politiet - morderen som slapp unna.

Eg fekk akkurat lånt, rippa og levert inn att romanen før eg for på ferie. Det er akkurat slik litteratur som er grei på stranda!  Harry Hole har no begynt å undervise, og livet er for godt til å vere sant.  Det kan ikkje vare.  Så vert Rakel brått dødssjuk samtidig som ein seriemordar slår til.  Romanen er ein god mix mellom krim og privatliv.  Oppskrifta er som før: Mordaren er ein av dei vi har blitt kjendt med.  Harry Hole skal så vidt berge livet. Romanen innfridde.

torsdag 3. august 2017

Siste dag i Ostia



Olaug og Alexander tok over leilegheita i Roma då vi for vidare til Ostia. I dag kom dei utover. Vi leigde oss solsenger og bada og sola oss nokre timar før vi åt middag oppe i gågata. 

I morgon set vi nasen heimover. Når vi har sveitta skikkeleg her, har eg tenkt på gåturen frå flyet og inn på Vigra. Der er ein garantert sunnmørsver - og ei kjensle av at sommaren er over. Men er vi heldige, kan vi få nokre sommardagar heime... 

fredag 28. juli 2017

Ostia, Roma

I dag prøvde vi eit nytt togstopp. Vi fann oss ein fin plass der vi leeigde oss solsenger. Skjerm for hovudet gjer at ein kan vere lenge i sola.

torsdag 27. juli 2017

Roma sentrum

I dag har vi vore to turar til sentrum. Eg har skrive eit innlegg med fleire bilde på mobilen, men den nye appen nektar å samarbeide, så no gjer eg eit forsøk frå I-paden. Bilda plar bli store, så eg må minske dei når eg får tak i ei datamaskin.

For fire år sidan då vi sist var i Roma, var det ikkje vatn i Trevifontena. I dag var der fullt liv som der plar vere.

Vi har merka oss at vakthaldet er skjerpa overalt. På T-banestasjonane er der militærpoliti med automatgevær i tillegg til vanleg politi. Første gong eg såg væpna politi, var i Italia. No ser ein det og heime. Verda har endra seg.


onsdag 26. juli 2017

When in Rome

Ja, så får ein gjere som romarane gjer! Vi tok T-bane og tog til Ostia, badebyen til Roma. Med vekesbilett til buss og bane kan ein reise så mykje ein vil for 24 €. Ein billett kostar 1,50€, og den gjeld 100 minutt. 

Med 28 grader i skuggen, lunken sjø og ein liten bris, kan ein knapt få det betre etter mitt syn. 

tirsdag 25. juli 2017

lørdag 22. juli 2017

22. juli 2017

 I dag er det seks år sidan dagen som har brent seg inn i minna våre for alltid.  Det er seks år sidan Noreg valde roser.  Nokre dager seinare skulle vi gå i fakkeltog i Ørsta.  Som mange andre valde vi å gå med roser i staden.  Systra mi plantar roser kvart år 22. juli.  Det er ein fin måte å markere dagen på.
 Rosene mine hadde fått ein knekk då vi kom hei frå ferie.  Eg veit ikkje kva som har gjort att plada har vorte brune og tørka inn.  Kan det ha vore larvar? Eg satsa på at dei nye skota vert friske.  New Dawn har klart vinteren.  Dei to Peacerosene har stroke med.  Peaceroser er like skjøre som freden, vert det sagt.
I dag fann eg tre friske skot som eg klipte rosene av på New Dawn-rosa.  Tre Aloharoser har stått i vase inne før eg i dag klipte hovuda av dei og let det stå att to blad.  Viss eg er heldig, kjem dei ed nye skot frå rota både i haust og til våren.

I dag såg vi seremonien på regjeringskvartalet på TV.  Det er sterkt å høyre namna opplesne alfabetisk. 

fredag 21. juli 2017

Bok 28: På en brennende bro






















Skyldfølelse og sorg har skapt en kløft mellom de kriminalitetsbekjempende partnerne psykolog Tony Hill og ex-DCI Carol Jordan. Men bare fordi de ikke snakker sammen betyr ikke det at drapene stopper.

Noen dreper kvinner. Kvinner som har en foruroligende likhet med Carol Jordan.
Dette er en morder som ingen andre, fast bestemt på å straffe sine ofre på den mest alvorlige og groteske måte. Slik saken utvikler seg, må Tony og Carol jobbe sammen igjen for å prøve og redde ofrene, og seg selv
.

Denne romanen har eg hatt liggande som MP3-lydbok på datamaskina. No fekk eg til å konvertere den til I-tunes.  Det opnar kanskje moglegheita for andre MP3-plater.

"Arr i sjelen" er kanskje den krimserien på Tv eg har likt best.  Når eg les denne romanen, ser eg for meg skodespelarane.  Tony Hill bur for tida i ein båt.  Carol Jordagn driv og pussar opp eigedomen til broren. I førre roman vart mellom anna han drepen, noko Carol skuldar Tony for. Jobben har ho sagt opp.  Ho er sint på Tony og har kutta ut all kontakt, men når han vert fengsla for noko han umogleg kan ha gjort ...

Om dette er god litteratur, kan truleg diskuterast.  Men ein pageturnar er det definitivt1

onsdag 19. juli 2017

Runde


I dag menga vi oss med turistane i distriktet. 

På campingplassen  såg vi mange bilar med D og Nl.  Vi vart overraska over kor mange som gjekk i fjellet. 








tirsdag 18. juli 2017

Strikkebøker frå Shetland

Medan det i Noreg vert gitt ut nesten for mange strikkebøker, var det mindre å velje i både på Shetland og i ein svær bokhandel i Edinburgh. Yokes, rundfelling, kjøpte eg på museet i Lerwik.  Der snakka ein av dei som jobba der norsk.  Ho hadde slutta å strikke klede og gått over til desse tynne sjala som vert brukte som bruresjal.  Eg har nokre bilde på mobilen eg kan legge ut seinare.  Garnet er svært tynt, og dei vert strikka på dei tynnaste strikkepinnane eg har sett.

Mønstera i Shetland Lace Knitting trur eg skal vere greie å forstå - i alle fall mønsterbordane. 

Vi var på ei av dei to møllene på Shetland.   Der selde dei og ferdigstrikka plagg. Hadde ein visst kva ein skulle bruke det til, så kunne ein ha kjøpt med seg mykje fint garn heim. Prisen på det eg såg, var 2£ for 25 gram.

mandag 17. juli 2017

Bok 27: Den første sten


«Den første sten» er et intenst drama av bibelske dimensjoner, hvor det blir stadig mer krevende å skjelne mellom godt og ondt, venn og fiende, og hvor afghansk stammejustis og skandinavisk moralisme virvles sammen i en dødsdans av blodhevn. 
Troppen vi følger, møtes i Afghanistan for å tjenestegjøre under NATOs kommando. De kampklare soldatene skal ledes av danske offiserer uten krigserfaring. I maktvakuumet som oppstår, står den karismatiske Schrøder frem og innfører belønningssystemer som er hentet fra krigsspillene de slår ihjel ventetiden med. Alt de opplever, skal filmes. Med kamera på hjelmene dokumenteres soldatenes hverdagsliv og kamphandlinger for å lagres i nettskyen som et minnesmerke over de falne og de levende. Den parallelle virkeligheten de unge soldatene skaper, skal imidlertid vise seg å bli fatal. Merkelige hendelser begynner å ramme familiene deres i København. En dag forsvinner flere av dem sporløst. Er de drept, har de gått over til fienden, er de blitt terrorister? Og hvem er egentlig Schrøder? 
Med «Den første sten» har krigen i Afghanistan fått sin store nordiske roman, og norske lesere har fått en oppslukende thriller mettet med mening.


Denne romanen har fått glitrande meldingar. Eg tok meg på tak og jobba i hagen nokre timar med lydboka på øyret.  Då kom eg i mål. Det er nok ikkje romanen som er dårleg, men heller at sjangeren ikkje fengjer meg...
 

lørdag 15. juli 2017

Kokeplate


Eg er svært nøgd med å ha valt induksjonsplatetopp. Men, der er eit men. Karamellpudding.Korleis skal eg få smelta sukkeret rett i formene? I dag investerte eg o ei enkel plate til 249 kroner. Den kan no vere grei å bruke ute også.

fredag 14. juli 2017

Skotske suvenirar

På Nasjonalgalleriet i Edinburgh beit eg meg merke i eit måleri sol eg synest var så fint. Då eg såg nett med det motivet i kiosken, måtte det sjølvsagt bli med heim.

P.S.
Om de kan lese dette innlegget, har eg endeleg fått til å blogge frå den "nye" mobilen.

onsdag 12. juli 2017

Post 11: Kiberget

Seint i går kveld landa vi på Vigra. Det tek litt tid å lande etter ein slik tur. Dagen har vorte brukt til klesvask, rydding etter turen og innkjøp.  Etter middag for dei to i midten på overnattingstur i fjellet. Då fann bi ut at vi kunne ta ein fjellpost. Valet fall på Kiberget, fjellet med furutre på toppen. Ein får sett Ulsteinvik og Hareid frå andre vinklar.




mandag 10. juli 2017

Last walk in Princes Street Gardens

Trøsta er at sommaren ikkje er slutt! 

I dag har det vore kjølig og grått her, så føremiddagen brukte vi til å gå på Nasjonalgalleriet. Så tok vi oss ein kaffipause før vi gjekk på utstillinga Beyond Caravaggio. Det vart mykje flott kunst på ein dag!



I kveldninga gjekk vi tur i Princes Gardens. Teknikken klikka sist eg skulle legge ut bilde, så i dag tok eg nye. 
Det tek to menn fem veker kvart år å pynte klokka.
Eg har alltid reagert på forbodsplakatane i England...  Om mogleg bør ein heller seie korleis det skal vere. Denne er meir pedagogisk:






søndag 9. juli 2017

Edinburgh Castle

Før ein går inn i borga, må ein gå gjennom området der det vert arrangert Edinburgh Military Tattoo.
Litt kø før vi kom inn. 
Utsikt mot høgda der vi var i går.
Eigen hundegravstad.
Vi var på militærmuseum, kapell og fengsel - mellom anna. Etter 2 1/2 time var vi fulle av inntrykk!



Edinburgh


I dag er eg berre ein snartur innom bloggen for ei lita oppdatering. Nettbrettet nektar å ta imot bilde, og mobilen vil ikkje laste ned app slik at eg kan bruke den. Bildet er av ei jakke som er like populær på Shetland, minst, som Nancykofta heime.
I dag har vi floge frå Shetland til Aberdeen. Derifrå tok vi tog til Edinburgh. Her skal vi vere til tysdag. 

fredag 7. juli 2017

Dagens lunsj

I dag tok Christine oss med til Metodistkyrkja til lunsj. Dei ulike kyrkjene serverer lunsj ulike dagar til inntekt for kykjelydsarbeidet og eit misjonsprosjekt, i dette tilfellet vatn til Uganda. Maten var rimeleg for at alle skulle ha råd til den, men om ein gav meir, vart det meir til kyrkja. Fleire frivillege var i full sving.

Bak i kyrkja sat ei som selde ting ho hadde strikka. Det vart ein liten huehandel før vi forlet kyrkja.


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...