torsdag 8. februar 2018

Runddans av Wiola

Denne kofta strikka eg til meg sjølv i haust. I går kom eg på at eg ikkje har vist henne fram på bloggen.  Mønsteret var i Familien, og det kom reklame for det i lang tid i førevegen.   Då det endeleg kom, vart eg skuffa forde eg hadde trudd at den var i Finull.  Peer Gynt er noko tjukt, synest eg.  Men no har eg flytta inn i kofta. Tynnare plagg vert for lite varme.

Kristin Wiola Ødegård er min favorittdesignar.  Eg gler meg til neste bok der eg reknar med dette mønsteret også får plass.

7 kommentarer:

  1. Eg likte den kofta godt, og ein treng både litt varme og veldig varme jakker.

    SvarSlett
  2. For ei fin kufte !
    Og så godt at den er litt sid no i kulden.

    SvarSlett
  3. Fin kofte og sikkert kjekk å strikke!

    SvarSlett
    Svar
    1. Litt telling innimellom, men elles kjekk å strikke. På pinnar 4 går det relativt fort.

      Slett
  4. Flott kofte 👍👍👍 vet du virket nr av familien den var i?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...