søndag 14. november 2010

Gratulerer med dagen!

 I dag gratulerer vi pappa med 74-årsdagen og farsdagen!  Vi feira han i Ørsta i går med julemiddag og kaker.  Han har 11 barnebarn, og seks av dei var med på feiringa.
 Jentene til jentene.
Etter maten "mora dei seg og åt peparkaker" som ei av dei sa det.
I dag er faren her i huset på fotballtrening med yngstemann.  Elles er det korpskonsert for systra mi sine. Og frøkna her skal synge på Forbundsfesten i ettermiddag.  Kanskje dei fleste fedre er glade for å få fred midt på dag når det er cupfinale?

lørdag 13. november 2010

Velkomen til Solveig si side!

Eg håper dei som har følgt meg på den gamle bloggen, vil vere med over på den nye!  No skal eg ta kvelden, men eg kjem attende med nye innlegg frå og med i morgon! 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...