fredag 6. april 2012

torsdag 5. april 2012

Bok 19: Lucie

Lucie av Amalie Skram kom ut i 1988.  Den handlar om den unge, fattige og vakre Lucie. Ho er elskerinna til den eldre Theodor Gerner.  Han vel å gifte seg med henne, men behandlar henne ikkje pent.  Ho har ei såkalla fortid, noko ho stadig vert mint på av den sjalu ektemannen.  Ekteskapet er barnlaust heilt til ein kveld Lucie går åleine heim og vert valdteken av ein mann med ein stygg føflekk.  Frampeika er mange, for å seie det sånn.

Ein kan ikkje vurdere romanen ut i frå notida. Eg vel å lese romanen som eit debattinnlegg i samtida. Det vert vist til både hanskedebatten som Bjørnson starta, Albertine og Kommandørens døtre. I Lucie har forfattaren ulike talerør.  Det var heilt ulike moralske standarder for kvinner og menn.

Det kan kanskje vere ein idé å lese om norsk kultur for 120 år sidan, før ein dømer andre?

onsdag 4. april 2012

Påsketreff

 I dag har vi hatt triveleg besøk av søskena mine med familiar.
Desse hønsemuggane har eg hatt i mange år.  Greina tok eg frå ein plante eg kasta for eit par veker sidan.  No har den røtt seg.
 Til middag serverte eg lammelår.  Det høver godt når ein er mange.
 Når eg kokar brokkoli, står eg omtrent med stoppeklokke.  Eg har funne ut at det er lurt å dekke gulrøtene med vatn og ha i litt salt.  Når ein så legg blomkål og brokkoli over, vert dei dampkokte.
 Har ein glaslok på pannene, er det lett å følgje med ...
 Frøkna stod for kakebaksten.  I går prøvde eg å antyde at ho kanskje kunne halde seg til ein farge.  Men ho kosa seg med å først smelte sjokolade til figurar, og så laga ho ulike glasurar og pynta.  Søskenbarna på Kongsberg var vane med "verdas beste muffins", men kunne strekke seg til at desse var "verdas nest beste muffins", men kanskje dei finaste.
 Kva dei halvstore ungane styrte med heile dagen, visste vi ikkje.  Søskenbarna kosar seg saman.  Og når dei fotograferer, får vi vite litt meir. Denne akebakken ligg rett ovanfor huset vårt.
Her har vore fin sol innimellom overskya ver med litt snø.

tirsdag 3. april 2012

Sikker suksess

I morgon ventar eg storinnrykk.  Vi vert minst 15 til bords.  Kva skal ein servere til dessert som både born og vaksne liker?  Eg har kome fram til at born set som regel størst pris på is. Dei vaksne vil vel gjerne ha noko attåt.  Så no kokar eg sukkerlake av 4 dl vatn, 4 dl sukker og diverse krydder: Vaniljestenger, kanelstenger, stjerneanis, nokre nellikspikrar og eit par kardemommefrø. Dei er eg litt usikker på, så eg starte forsiktig.  Eg kjøpte ein pakke kardemommefrø på Sunnmøre Folkebutikk.  Denne laken skal eg helle over 4 pakkar skogsbærblanding.  Oppskrifta fann eg her.

Viss nokon lurer på kvifor eg ikkje sit og ser krim, så er det fordi dei har kjøpt seg ein fotballkamp og kopla datamaskina til fjernsynet.  Det skal ikkje øydelegge for opptaka av Whitechapel og Forhandleren, seier dei.

Steikepanner ...

... har vore tema på bloggen min fleire gonger. Jernsteikepanna mi har vart i over 25 år.  No har ho rett og slett vorte farleg.  Treskaftet glepp, slik at ein lett mistar taket.  Eg har prøvd å skifte skaft, men det er sjølve jernet som er øydelagt. Særleg fin under er ho heller ikkje, så eg unnte meg ei ny.

For tida vert jernsteikepanna brukt mest til pannekaker.  Til fisk spesielt liker eg å bruke panner med sleppbelegg.  Kjøtkaker steiker eg til dømes alltid i jernsteikepanne.  Eg ser at når andre skal koke på kjøkenet mitt, nyttar dei andre reiskap og anna utstyr enn eg gjer. Ein gjer seg vel alle sine eigne erfaringar.

Bok 18: Ikke forlat meg

Etter å ha lese denne romanen, sit eg litt att som eit spørjeteikn.  Kva skal ein seie, eller skrive?

Det vil ikkje vere rett å seie at eg likte romanen.  Men eg vart dradd inn i historia.  Ein kjenner på sjalusien hovudpersonen føler. Romanen har det eg kaller X-faktor.

mandag 2. april 2012

Hannes eplekake

Det er nokre i familien som er svært glade i eplekake.  Denne varianten er kanskje min favoritt. Oppskrifta fann eg på gamlebloggen min.  Der hadde eg dobla oppskrifta og laga den i ei 28 cm form. Denne gongen vart det to kaker.  Eg får plass til ei 22 cm og ei 24 cm i omnen min.  Arbeidet er omtrent det same om ein doblar.  Det er eigentleg lettare å røre dobbel mengde med smør og sukker.


Rund form 24 cm.
Botn:
100 g smør
150 g sukker
1 egg
75 g kveitemjøl
100 g sammalen kveite
1/2 ts bakepulver

Fyll:
3 eple
3 dl seterrømme
1 egg
50 g sukker
1 ts vaniljesukker

Rør smør og sukker lyst og luftig og tilsett egget.  Bland mjølet med bakepulver og smuldre alt lett saman.  Trykk deigen ut i ei smurt form.

Skrell epla og del dei i bitar.   Fordel eplebåtane over botnen.  Rør saman resten av ingrediensane til fyllet og hell blandinga over epla.

Steik ved 175 grader i ca. 30 minutt.


Servér gjerne eplekaka lunken med mjukpiska krem.

søndag 1. april 2012

Flott dåpsdag!

Eirik valde å døype seg på palmesøndag og ha stor dåpsfest i staden for konfirmasjonsfest.  Det er kjekt for oss, både fordi fleire kan kome, og fordi konfirmasjonen er berre seks dagar frå Olaug sin. 
Det verka som det var ein litt annan liturgi enn den som har vore. Fin var den i alle fall.
Systera, som også var ein av fadrane, las ein av tekstane.  Seinare las dei andre fadrane bøner. Organisten  trakterte tre instrument, orgel, trekkspel og piano.
 Her viser presten fram den døypte.
Som preike fortalde presten påskeevangeliet gjennom guten Ben.  Eg såg litt TV på morgonkvisten der vaksne folk på gata kan prestere å seie at dei ikkje veit kvifor vi feirar påske.  Når reporterane hjelper dei litt på gli, røper dei dårlege kunnskapar.  Derfor tenkjer eg at det er fint at presten går gjennom påskeevangeliet steg for steg for borna spesielt.
Eirik saman med prest og fadderar.
På grendehuset er der scene, og her vart det ulike underhaldningsinnslag.  Eirik er med i bandet Lommerosk som har gått vidare i UKM.
Det vart først servert koldtbord, og seinare dukka det opp eit typiske sunnmørsk kakebord.
Eg overlet til dei andre bloggarane å legge ut familiebilde.  Som de veit, stiller jentene alltid fint opp.
Kusinene mine på Eid og eg mimra litt om då vi var små og møttest.  Det vart ein del fnising før vi begynte å prate saman.  Og så hadde vi det alltid så kjekt når vi skulle til å reise heim att.  Her har desse karane funne tonen.

lørdag 31. mars 2012

VANILJECUPCAKES

Her kjem oppskrifta på "cupcakesa" som vi laga torsdag kveld.  I dag har frøkna baka nye.  Ho brukte ei banankakeoppskrift som vi fann i Sverre Sætre si bok.  Ein kan i grunnen bruke alle formkakeoppskrifter.  Det er berre å fylle dei i små former og steike dei i 10-20 minutt alt etter temperaturen. 
 På kurset brukte vi soyamargarin sidan kurshaldaren har gode erfaringar med det.  Heime brukte vi meierismør.  Dette får vere opp til kvar einskild.  


RØRE
125 g soyamargarin, romtemperert    
2 dl sukker
2 egg
1 dl mjølk
3 dl kveitemjøl
1 ½ ts bakepulver
1 ts vaniljeessens

1.   Set omnen på 175 grader.
2.   Set 12 former i eit muffinsbrett.
3.   Rør sukker og margarin kvitt.
4.   Rør inn egga, eitt om gongen.
5.   Ha i mjøl/bakepulver og mjølk vekselvis.
6.   Tilset vaniljeessens.
7.   Fordel røra i muffinsformene.  Dei skal vere ca. 2/3 fulle.
8.   Steik kakene i midt i omnen i ca. 20 minutt.
9.   Avkjøl først kakene 5 minutt i forma før du legg dei på ei rist.

FROSTING
125 g soyamargarin, romtemperert
1 ts vaniljeessens
½ dl mjølk
6-7 dl melis
1 ts vaniljesukker
Konditorfarge

1.   Rør margarinen mjuk og smidig
2.   Ha i vaniljeessens. 
3.   Sikt i melis og vaniljesukker vekselvis med at du har i mjølka. Bland inn nok melis til at frostingen blir fast og smørbar.
4.   Tilsett konditorfarge.

PYNTING
Ha frostingen i ein sprøytepose.  Pynt etter eige ønske!


 Eg hadde liggande noko utstyr etter eit kakepyntkurs eg var på ein gong på 90-talet.  Men vi kjøpte like godt eit nytt sett til frøkna.  
 Desse formene og glaser med hjerter skal brukast til konfirmasjonen hennar.
Slikt formingsutstyr får ein i vanlege butikkar.  Det kom ikkje vaniljeessens som bestilt til skulekjøkenet førre veke, så vi brukte vaniljesukker

Over bekken etter vatn

I morgon er ein stor dag i slekta, noko som sikkert vil vise att på bloggar og facebook.  Frøkna skal stille i den nye bunaden sin, og til Sunnmørsbunaden skal det vere raud strømpebukse nettopp for frøkner.  Dette trudde eg skulle vere ei smal sak å få tak i etter at vi hadde kjøpt sko. På ein kjedebutikk fekk vi høyre at den var eigentleg svensk.  Akkurat som om det var noko unnskyldning når ein har etablert seg i alle byar og store bygder i heile Noreg. Cerise er visst fargen i Sverige.

På bunadsbutikken i bygda hadde dei berre raude strømpebukser i storleiken XL att. På dette tidspunktet var eg begynt å ergre meg over heile skikken med raud strømpebukse.  Kor tid vart det oppfunne?  Svart er vel den fargen som vart brukt frå gammalt av?  Verken til Sogne- eller Nordfjordbunaden bruker ein noko anna enn svart strømpebukse! Og kjor mykje vil det vise?  Kven vil bry seg?

Eg prøvde nabobutikken.  Kanskje dei hadde i største barnestorleik?  Nei, men der kunne dei fortelje at Karmen har hatt.

Så då for eg dit.  For folk som ikkje er lokalkjende får eg forklare at det er namnet på ein flott klesbutikk med same inngang som Prix. Eg går i alle fall forbi der annankvar dag ...

torsdag 29. mars 2012

Cupcake-kurs


Skulen vår er med i Sterk og klar-prosjektet. I dag arrangerte vi ein kveld der foreldre og barn melder seg på ulike kurs.  Ein prøver å finne kurshaldarar blant foreldra.  
 Då eg fekk høyre at eg skulle halde cupcakekurs, tenkte eg at eg burde hatt eit kurs sjølv!  Heldigvis fekk eg Astrid saman med meg.  Ho stod for all pynteopplæringa.
 Oppskrift og bilde ligg att på jobbmaskina mi, så det får bli ein annan dag.
I dag får de berre sjå frøkna sine produkt.  Ho valde å ta sjansen på å vere saman med mora sidan det no var ein mor/far-barn-kveld

Elles vil eg takke Astrid for eit strålande samarbeid!

Bevis at du ikkje er ein robot!


Eg har vore litt frimodig med slekt og bloggvener og spurt om dei kan ta vekk handikaplina.  Ein ser ikkje sjølv kva hinder ein lagar for andre.  Av og til slit ein med å kommentere.

Sjølv har eg ikkje vore utsett for robotmeldingar eller ekle kommentarar, så eg tillet også anonyme kommentarar.  Enkelte skriv ein initial eller eit formnamn under.  Så veit ein, eller kan gjette, kven det er.

Bloggarar må gjere som dei vil.  No håper er at eg ikkje har gitt nokon dårlege idéar av typen "Så sa dei at vi ikkje skulle putte erter i nasen. Det hadde vi ikkje tenkt på før."

Oppskrifte er enkel: vel nei for "Vil du vise ordbekreftelse ...?"

onsdag 28. mars 2012

Bok 17: Alle vil hjem. Ingen vil tilbake.

Tre gutar frå same bygda omkjem i Afghanistan.

Det er tre forteljarstemmer i boka.  Sigurd som hadde eit kjærleiksforhold til den eine soldaten.  Julie som miste bror sin, og Mats som er far til barnet hennar.
Vi følgjer personane og familiane deira i sorgprosessen.

Eg visste ikkje at dette var ei oppfølgjarbok.  Då ville eg ha lese «Bli hvis du kan. Reis hvis du må» før denne.

Eg liker innfallsvinkelen med tre stemmer. Historiene er truverdige og gripande. Dei handlar også mykje om det ikkje vert sagt.

Eit av verkemidla er at Sigurd, guten frå bygda ha fått si historie på nynorsk.  Mats er frå Oslo og historia hans vert skriven på bokmål.  Det er flott!  Men kvifor vert Julie frå bygda si stemme på bokmål?  Det hen ikkje i hop.

Boka vert lesen av tre stemmer.  Det gjer det lett å skilje personane.  Skal eg ha ei innvending mot lydboka, må det vere at Sigurd si stemme er gitt til ein skodespelar med bokmålsbakgrunn.  Uttalen hans av enkelte ord irriterer meg .  Som sveitar i staden for sve(i)ttar, eller fraamleis - om de forstår.

Sjølv om temaet er trist, er ikkje boka tung.  Les gjerne denne artikkelen der det står at den første romanen har fått Ungdommens kritikerpris.

Besta har bursdag!

Datamaskina har vore opptatt i heile dag.  Frøkna har skrive rapport frå arbeidsveka sidan eg kom heim i ettermiddag.  Noko anna som har vore opptatt, er telefonen til mor mi!  Eg har ringt med ujamne mellomrom.  No reknar eg med at ho har snakka nok i telefonen for i dag!

Vi gratulerer så mykje!  Bildet er frå den tida ho hadde sommarjobb på sjukehuset på Nordfjordeid.  Den eldre garde ser vel kven ho er fotografert saman med?  Bildet er scanna fra ei avis - og knabba frå facebook!

tirsdag 27. mars 2012

Grovbrød - eit undervisningsopplegg

No har vi kome til grovbrødbaking på skulekjøkenet.  Alle elevane på niande lagar si eiga brødoppskrift og dekorerer/reklamerer/gir produktinformasjon på sin eigen brødpose. Det eg viser på bloggen, er berre ein kortversjon av opplegget. Måla og kriterier for dei ulike karakterane vert presenterte for elevane.
Elevane får sjå ulike kjøpte posar i tillegg til ein eg har laga sjølv; Solveigs solsikkebrød.  Brødet skal vere mellom 50-75% grovt. For å gjere det lettare for elevane, har eg laga ein mal der dei kan fylle inn mjølsortane.  Eg viser dei ulike mjøl- og frøsortar og forklarer eigenskapane deira.

MI BRØDOPPSKRIFT:

25 g gjær
3 dl vatn
2 ms ………………olje
¾ ts salt

……………… g kveitemjøl (125-250g)

……………… g sammalen kveite, grov

……………… g sammalen kveite, fin

……………… g sammalen rug, grov

……………… g sammalen rug, fin

……………… g havregryn, store eller små

………………. g linfrø/solsikkefrø/graskarfrø

Til saman grove mjølsortar og frø: 250-375g
(Til saman fint +grovt mjøl= 500 g)
Prøvebaking: Brødet til venstre er 75% grovt, og brødet til høgre er 50 % grovt.


Eg håper at elevane anten bakar eller kjøper skikkeleg grovt brød!


For ordens skuld: Eg har innhenta løyve både frå eleven og mora til å legge ut illustrasjonsfotoa!

søndag 25. mars 2012

Vaflar

Det er dagar for det meste.  I dag er det visst den store vaffeldagen.  Kanskje det vert årets første vaffelsteiking på altanen.  Vaflar er visst den meste vanlege kakesorten i Noreg.  Ein del vaffeloppskrifter er reine kakeoppskrifter med store mengder smør og sukker.  Det er ikkje nødvendig for å få gode vaflar! Under kjem ei grunnoppskrift.
5 egg
4 ms sukker
1 liter surmjølk
1 ts natron
7 1/2 dl kveitemjøl
1/2 dl smelta/flytande margarin/smør

Rør saman alle ingrediensane unntatt halvparten av mjølka.  Når røra er klumpefri, har du i resten av mjøla.  Røra må svelle minst 20 minutt før du steiker vaflane.

I vaffelrøre er det vanleg å kvitte seg med ulike restar av fløyte og rømme.  Vaflar vert mykje betre med surmjølk enn med søtmjølk, men har ein berre søtmjølk, kan ein ha i litt rømme.  Sjølv har eg i nokre ekstra egg og erstattar minst 1/3 av mjølet med sammalen kveite , fin.  Det finst også eit  grovt mjøl som er male endå finare som ein kan bruke.


Kva skal ein servere til vaflar, finst det vel mange ulike meiningar om.  Eg føretrekk lettsukra jordbær og/eller bringebær og lettrømme.

fredag 23. mars 2012

Gratulerer Ingeborg!

I dag kan vi gratulere Ingeborg med 19-årsdagen!  Vi håper og trur at ho har ein fin dag i London!  Eg har ikkje tatt meg tid til å leite etter gamle bilde, så ho slepp unna med eit eg fann på facebook!

Det følgjer vel ingen rettigheiter med det å bli 19, men det er vel i den alderen at mange tek eit viktig vegval.  Det skal bli spennande å sjå kva Ingeborg slår inn på!

ORD,Ord,ord

Det brakar laus med norsktentamenar i tiande neste veke.  Temaet er ORD, Ord, ord.  Kvifor bruke engelsk når det finst så mange gode adekvate synonym?   Her finn ei liste med forslag til avløysarord.

Som blogglesarane veit, meiner eg at ein snarast bør innføre aksessoarar som normal skrivemåte, slik at uttalen vert rett.  Den siste eg høyrde seie assesoarer var ein programleiar på Frukost-TV. Ein skulle tru der var så mange som arbeider rundt eit program - ein bør vel ikkje bruke ordet team her - at nokon greip inn.

torsdag 22. mars 2012

Risotto

 Middagen i dag begynte eg å lage på 80-talet då eg underviste på barnetrinnet.  Oppskrifta fann eg i Liv og røre, om nokon hugsar den.
No tek eg oppskrifta frå hovudet.
 Det er vel mange middagar som startar med at ein steiker kjøtdeig og løk.
Denne dunken med fem kilo ris kjøpte eg på Sunnmøre folkebutikk for 95 kroner.  Det får vere dagens reklame.
I dag hadde eg i ein boks bønner i chilisaus. Ein kunne kanskje kalle den mexikansk gryte like godt som ferdigmatindustrien gjer det?  Det er lurt å bruke pengar på gode ingrediensar i staden for posar med pulver. Her er det berre å krydre og tilsette ingrediensar etter eige ønske!

onsdag 21. mars 2012

Arbeidsveke

Niandeklassingane har arbeidsveke, eller praktisk yrkesorientering, denne veka.  Frøkna har fått seg jobb i lokalavisa.  Aller helst ville ho nok arbeidd som veterinærassistent.  Men det er ho for ung til.

Yrke går ikkje i arv no som før i tida då ein arva eit gardsbruk eller fekk opplæring i eit praktisk yrke.  Likevel dett vel mange ikkje så langt frå stammen.  Eg bruker å spørje elevane eg har i mat og helse kva yrke dei trur mi mor og mormor hadde.  Lærar pluss kokk - er det lik mat og helselærar.  Kva eg har arva frå farmor som dreiv eit lite småbruk?  Utsjånaden vil kanskje slekta seie.  Særleg dyreinteressert har eg ikkje vore.  Katt vil eg gjerne ha, men det er nok.  Eg vert skulda for å ha eit praktisk syn på det meste.  Kanskje det er der det ligg.

I slekta vår er det mange lærarar, så eg oppmodar borna om å prøve noko anna.  Før sa ein at ein kunne ta lærarskulen, og så kunne ein alltids bli noko anna.  No kan ein studere og alltids bli lærar med eitt års pedagogikkstudium.

Elevane no er heldige.  Dei får drive med jobbskygging i tillegg til hospitering rundt om på skulane.  Mulegheitene er fleire enn dei var for oss, noko som ikkje gjer valet enklare.

tirsdag 20. mars 2012

Kan ein brette opp armane?

Solveig, heiter det eigentleg arm eller erm?


Nokre spørsmål vert ein norsklærar meir glad for enn andre.  I daglegtalen bruker mange berre arm. Eg prøver å oppmode folk om å bruke ordlista.


erm
erm -a [-i], -ar [-er] (norr ermr; av I arm) stykke av kledeplagg som dekkjer armane skjortee- / kjole med korte, lange e-ar 



arm
I arm m1 (norr armr)
1 framlem hos menneske og aper; hand (1) ha vondt i a-ane / gå a- i a- / halde noko på strak a- / ta imot (noko(n)) med opne a-ar særl overf: med største glede / kaste seg i a-ane på nokon særl overf: gje seg heilt over til
2 zool: gripe- el. rørslelem på ryggbeinslause dyr a-ane på blekkspruten
3 del av reiskap, ting e l som minner om ein arm (I,1) el. greinar seg ut frå noko a-ane på ei trillebår / ein a- av ein fjord / ein lysestake med sju a-ar


Eg forklarte fort at erm er ein del av eit klesplagg medan arm er ein kroppsdel.  Den same jenta trekte på smilebandet då eg sa at ein kan ikkje lett brette opp armane.  Sjå det for deg, så skriv - og seier du - alltid å brette opp ermane.

mandag 19. mars 2012

Bok 16: Dødelige dråper

Denne boka fann eg på biblioteket førre måndag, og eg må innrømme at eg ikkje hadde så store forventningar til thrilleren.

Eg-personen i boka, Mia, er ein journalist med ein utru ektemann.  Eg såg straks parallellen til Liza Marklund sine romanar.  Mannen heiter attpåtil Thomas.  Språket verkar platt med klisjéar som rygge bakover og   øredøvende stillhet.  Men så reiser Mia til Brasil på frilansoppdrag.  Her møter vi paret Frank og Heidi.  Han har sett alt han eig i pant for å tene seg rik på olje.

Vi vert dregne inn i ei spennande historie i eit land der ting fungerer på ein annan måte enn her i landet.  Forfattaren skildrar personar og miljø med brodd og ironi.

Det forundrar meg ikkje at forfattaren har budd i Rio de Janeiro og jobba som PR-rådgjevar i eit oljeselskap. Det er viktige tema ho tek opp.

Nye bøker

Det har begynt å bli ein vane å køyre frøkna på korpsøving på måndagane før eg stikk innom biblioteket.  I dag var der nye lydbøker. Eg har begynt å venje meg til i-poden. No er neste utfordring å få lasta ned i-tunes på den nye datamaskina. Blogglesarane må gjerne anbefale ei eller fleire av bøkene ovanfor!

Med den gamle datamaskina forsvann lydbokbiblioteket mitt.  Det var like greitt.  Så vert det meir orden.  Men det er også greitt å lage seg eit lite nytt eit.
Hekleboka lånte eg for å finne oppskrifter på hekla blomster til nokre elevar som ville pynte tøflane sine med det.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...