torsdag 17. april 2014

Skjærtorsdag

 I dag samla vi heile familien til middag.  Mannen kokte pinnekjøt.  Foreldra han brukte å kjøpe inn ein ekstra julemiddag og spare til påske.  Den tradisjonen har vi ført vidare.

Studenten tok eit kveldsfly attende til hovudstaden.  Han har eit stramt program framover med fire eksamenar.
 Vi tjuvstarta også på påskeegga i dag.  Frøkna fordelte sjokoladen i desse posane heilt rettferdig.
Dagen etter at eg hadde gått to timar, det meste på asfalt, til Kvitneset, dreiv eine kneet og svikta under meg.  Det føltest som om det vart stukke i med knivar.  Etter å ha tenkt meg om, kom eg fram til at eg må ha meg nye joggesko med mest mogeleg demping.  I dag gjekk eg ein tur for å gå dei inn.  Det må nok nokre fleire småturar til før eg kan legge ut på langtur i dei. Sidan dei skal vere topp moderne i fargen, må eg nok bruke dei mykje og slite dei ut før moten endrar seg!

2 kommentarer:

  1. Fine sko, du går nok fort inn desse tenkjer eg.
    Her på hytta var det tenkt julemiddag i dag, men den er utsett til i morgå.
    I dag vart det taco, det er visst fredagsmeny.....

    SvarSlett
  2. Hos oss og har taco vorte fredAgsmeny. Frøkna har tidleg fri, så ho ordnar ut då. Så kan eg bruke litt tid på jobb til å runde av før helga.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...