Fredag sette vi nasen mot hovudstaden. Ærendet var å hente heim studenten og halve flyttelasset hans til påske. I pinsa kan vi gjere det same. Då er han ferdig med studiet sitt. For oss har fem år gått fort!
Mannen og eg la oss inn på hotell i to netter. I går nytta vi høvet til museumsbesøk, shopping og kinobesøk. Middag åt vi på Kaffistova saman med studenten.
Veret har vore eit kapittel for seg. Laurdag småregna det i Oslo. Elles skein sola på Austlandet i dag. Vi kunne omtrent ikkje tru det då vi høyrde at det var kolonnekøyring på Strynefjellet. Andre fjellovergangar er stengde. På Bjorli og på Ørskogfjellet sludda det, elles hadde vi greitt reisever. I Romsdalen hadde bjørkeblada sprotte ut. Der hadde våren kome lengst.
Det er kjekt å kome seg litt vekk. No er vi klare for påskeferie heime!
Eg vil ønskje blogglesarane ei god påske der de er!
God påske !
SvarSlettHer har det vore trasig ver med regn og sludd, men vona
er at det skal bli betre utover i påska.
Kjekt å vere i Oslo, mykje å sjå og oppleve. Eg likar meg der :)
Koselig med en liten bytur
SvarSlettGodt dere hadde brukbart vær i Oslo.
Og at dere kom dere trygt hjem.
Så det på Yr at det var litt usikkert over fjellene.
Ønsker deg ei herlig påskeuke :)
Så kjekt med Oslotur!
SvarSlettMen ikkje så verst her heime heller.
Ein får berre fyre godt i omnen.
Må vel til nabobyen din i løpet av Påska for å besøke svigers.
God Påske!