Omtale:
Etter et langt og begivenhetsrikt liv havner Allan Karlsson på gamlehjem hvor han tror han snart skal ende sine dager. Problemet er bare at helsa nekter å svikte. En dag fyller han ubønnhørlig hundre år. Pomp og prakt, ordfører, lokalavis og bløtkake venter. Men Allan vil ikke være med. Han klatrer ut gjennom vinduet. Boken handler om Allan Karlssons månedslange reise gjennom Sverige. En reise som kompliseres ved at han kommer på kant med både politiet og en motorsykkelbande som han dessverre kom til å stjele en verdifull koffert fra. Men boken er også en reise gjennom det forferdelige 1900-tallet, den uendelig sorgløse Allan Karlssons livsreise. Det viser seg at Allan Karlsson ikke bare har deltatt i, men også forårsaket flere av 1900-tallets store begivenheter. Han har vært innblandet i utviklingen av atombomben, blitt god venn med formann Maos unge hustru og både planlagt og avverget et attentat mot statsminister Winston Churchill.
Denne romanen har eg lånt ein gong tidlegare utan å kome så langt som til å lese han. Sidan den no er filma, fekk eg lyst til å lese romanen før eg eventuelt ser filmen.
Romanen kan kanskje kallast ei reise gjennom eit hundreår. Hundreåringen har vore der det har skjedd og påverka viktige hendingar. humoren er nok ellevill. Problemet mitt vart etter kvart at det vart "too much". 12 Cd-ar vart etter kvart noko langtekkeleg sjølv om det er morosamt, og sjølv om det skjer noko nytt og halsbrekkande heile tida.
(Før eg la ut dette innlegget, sjekka eg kva mora mi hadde skrive om boka. Eg ser at ho også har tydd til det engelske uttrykket "too much" ...)
Eg er einig i at det er ellevill humor, og at det skjer svært mykje. Eg er litt mindre einig i uttrykket "too much"... Det eg er aller mest fascinert av i Jonas Jonasson sine bøker (denne og "Analfabeten som kunne regne") er det mangslungne persongalleriet, og korleis han får alle ting til å passe saman. Eg syns han har ein fabelaktig forteljeteknikk! Personleg likar eg nok den andre boka endå betre enn denne, og då aller mest på grunn av nettopp persongalleriet.
SvarSlettEg kjem nok til å lese fleire romanar av forfattaren, men eg må ha litt avstand mellom dei, akkurat som eg har sagt om Paasilinna. Eg har nok litt meir sansen for sistnemde.
SvarSlettSå spørs det filmen. Det skal noko til å fange opp humoren i boka ...